Laga låt med kunstig intelligens – gjekk til topps på Spotify

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Om du lyttar til Oskar Westerlin sin coverversjon av «Josefin», tenker du kanskje at han har spelt inn songen i studio.

Det har han ikkje. Låten er nemleg laga ved hjelp av kunstig intelligens.

– Det er føkka å tenke på at eg aldri har sunge desse orda, seier TikTok-profilen til NRK Dagsrevyen.

Westerlin fortel at han ikkje eingong kan songen og teksten.

– Å sleppe Noregs første AI-låt, det er sjukt, seier han til kanalen.

Det er Ballinciaga og PandaPanda som har produsert låten. Det tok dei heile fem minutt, seier Westerlin på TikTok.

Gjekk til topps

Coverversjonen hans har blitt populær. Westerlin har lagt ut at songen hans klatra til ein førsteplass på Spotify si topp 50-liste for Noreg 1. juli.

Når Framtida.no sjekkar Spotify onsdag, har låten hans falle ned til 19.-plass. To andre versjonar av Josefin ligg elles på lista – den svenske originalen av Albin Lee Meldau frå 2021 og Delara sin norske versjon.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Oskar Westerlin (@oskarwesterlin)

Utfordring

Marius Arnesen i NRK Beta trur kunstig intelligens kan bli ei utfordring for musikkbransjen.

– Det er mykje som tydar på at kreative industriar kjem til vere nokon av dei som blir råka hardt, eller kan bruke eller utnytte kunstig intelligens, seier han til Dagsrevyen.

Til VGTV seier påverkaren at det er absurd kor mykje AI klarar å fikse. Han synest det høyrest ut som om det er han som syng.

Westerlin synest sjølv at delar av songen høyrest litt «robotisk» ut, men reknar med at den kunstige intelligensen vil finpusse dette etter kvart.

– Ein må henge med på teknologien. Ein fell utanom om ein ikkje brukar dei instrumenta ein har, seier Westerlin til NRK.


Bilete med ni menn i sykkelutstyr.

Oskar Westerlin fekk støtte frå fleire hjelperyttere på veg til Bergen. Skjermdump frå Instagram-kontoen oskarwesterlin.