Ho er «Årets trekkhund»
Ragnhild Samuelsberg i Barne-, og likestillingsdepartementet fekk den nyoppretta prisen, medan Statens innkrevjingssentral fekk Klarspråkprisen for 2014.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I skarp konkurranse med ei rad andre statlege verksemder fekk Statens innkrevjingssentral klarspråkprisen for 2014.
– Juryen er spesielt imponert over måten vinnaren tilpassar tenestene sine til brukarane på. Ved å involvere mange forskjellige brukarar viser vinnaren korleis dei jobbar for å nå ut med viktige bodskap, heiter det mellom anna i grunngjevinga.
LES OGSÅ:Til kamp for det gode språket
«Årets trekkhund»
I år er sjette gongen Klarspråkprisane vert delt ut.
Skatteetaten fekk temaprisen for arbeidet med skattetrekksmeldinga og innføringa av elektronisk skattekort, medan fagdirektør i barne- og likestillingsdepartementet, Ragnhild Samuelsberg, fekk den nyoppretta prisen «årets trekkhund» for sin mangeårige innsats for eit systematisk klarspråkarbeid.
– Klart språk og forståelege tekstar gjer kvardagen enklare for folk flest og fjernar tidstjuver både framfor og bak skranken. Årets prisutdeling syner at mange statlege etatar oppnår gode resultat, men eg ventar meg meir, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Sparte 90 veker på klart språk
Demokratisk verkemiddel
Statsråden strekar under at klarspråkarbeidet dreier seg om rettstryggleik, likebehandling, demokrati og deltaking.
– Me må minne oss sjølv, igjen og igjen, om at klart språk er viktig for korleis samfunnet vårt fungerer, korleis det enkelte menneske vert ivareteken, seier Sanner.