Ungdomspartia meiner regjeringa går bakover: – Eit Høgre-budsjett
Sosialistisk Ungdom er overraska over usosiale kutt og Grøn Ungdom meiner det er eit eksepsjonelt kjedeleg og grått budsjett.

– Internett, diesel og høgare utdanning i distrikta blir lagt under kniven når Arbeidarpartiet styrer åleine.
Det seier Nils Forren på telefon til Framtida.no, om forslaget til statsbudsjett som Arbeidarpartiregjeringa la fram onsdag. Saman med dei andre ungdomspartia på venstresida er han lite nøgd med det som er lagt fram.
Arbeidarpartiet må få med seg alle dei andre partia på venstresida dersom dei skal få vedteke statsbudsjettet i Stortinget. Framtida.no har prata med ungdomspartia til desse partia, og fått svar frå alle utanom Raud Ungdom.
Forren meiner distriktet blir nedprioritert, og trekk blant anna fram at det blir kutta i gjeldssletteordninga for studentar som flytter til distriktskommunar.
– Det er eit dårleg budsjett, og det viser at Høgre og Arbeidarpartiet har cirka same kjærleik for Distriks-Noreg.
Forren er glad han ikkje er den som vurderer om moderpartiet skal forhandle med regjeringa. Trygve Slagsvold Vedum, partileiar i Senterpartiet, har sagt til NRK at Arbeidarpartiet må gå til Høgre dersom dei skal få gjennom dette budsjettet.
– Det skjønar eg dei på. Det er jo eit Høgre-budsjett som er lagt fram, seier Forren.
Går bakover
Audun Hammer Hovda, leiar i Sosialistisk Ungdom, er einig i karakteriseringa av forslaget som eit Høgre-budsjett.
– Det er mykje sant i det, og det er ein del usosiale kutt som eg var veldig overraska over, seier han på telefon til Framtida.no.
Hovda seier det er mykje SV må prioritere i forhandlingane, og at SU kjem til å spele inn i fleire saker.
– Det handlar om å få ned skilnadane, det handlar om å få ned utsleppa og det handlar om å ha meir solidaritet.
Redusert kjøpekraft for studentar, og avgrensinga til 100 kvoteflyktningar er blant tinga han trekker fram. I tillegg meiner han regjeringa går fleire steg tilbake når dei vil inkludere barnetrygd når ein reknar ut uføretrygd, ein praksis som var vedteken fjerna i 2022, og bruke pengar på å greie ut gruvedrift på havbotnen.
– Det er frustrerande å måtte bruke tid på vinne tilbake sigrar som vi har fått før, i staden for å faktisk utvide velferda, få ned utsleppa og gjere det vi må for å klare å møte den alvorlege situasjonen vi står i no.
Pirk utan ambisjon
– Dette er eit budsjett som er eksepsjonelt kjedeleg og altfor grått, både politisk men også i kor lite ambisiøst det er, seier Tobias Stokkeland, leiar i Grøn Ungdom på telefon til Framtida.no.
Han meiner MDG må prioritere heilskapen i klima- og oljepolitikken når dei går inn i forhandlingar med Arbeidarpartiet. Stokkeland peikar på ein klimapolitikk der regjeringa ikkje prioriterer utsleppskutt, og heller ikkje kjem med insentiv for positive klimatiltak.
Regjeringa kuttar mellom anna i støtte til Enova, som arbeider med å utvikle ny klimateknologi.
Pengane blir heller prioritert til å kjøpe klimakvotar. Stokkeland saknar også meir pengar til kollektiv transport, spesielt jernbane.
– Eg meiner dessverre at litt mykje av dette statsbudsjettet berre handlar om pirk, men ikkje pirk som gir oss store utsleppskutt.
Stasbudsjettet skal bli vedteke før neste år, og det skjer vanlegvis i desember før jul.