Fråværet aukar vidare på vidaregåande

Medianfråværet i vidaregåande skule er fem dagar og 20 timar. Det er ein stor auke frå i fjor.

NPK-NTB
Publisert

– Litt snufsing er ikkje grunn til å bli heime. Er du frisk nok, skal du gå på skulen, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

Haldningsendring

Jenter på yrkesfag har høgast dagsfråvær, medan gutar på studieførebuande har høgast timefråvær, skriv Utdanningsdirektoratet.

– Det høge fråværet viser at det er behov for nye grep. Vi har allereie endra fråværsreglane på vidaregåande denne hausten, slik at vi hindrar at elevane kan «spare opp» udokumentert fråvær, men kanskje endå viktigare er det å få til ei haldningsendring i samfunnet, seier Nordtun i pressemeldinga.

Også i 10. klasse aukar fråværet. Her har elevane typisk ni dagar og åtte enkelttimar fråvær. Det er éin dag og éin time meir enn i fjor, og heile tre dagar og tre timar meir enn før pandemien.

Fråværet som før fråværsgrensa

På vidaregåande har dagsfråværet auka med to dagar sidan pandemien. Dagsfråværet er det same og timefråværet åtte timar høgare enn før året før fråværsgrensa vart innført i 2015–2016.

11 prosent av elevane har 20 fråværsdagar eller meir, ein auke på 1,6 prosentpoeng sidan i fjor. 18 prosent av elevane har minst 50 timar fråvær.

– Må ta tak tidleg

Utdanningsdirektoratet peikar på at årsakene til auka fråvær er samansette, og at ei veksande gruppe elevar kjem inn på vidaregåande med dårlege forkunnskapar og høgt fråvær på ungdomsskulen.

– Det viser at det er viktig å ta tak i dette tidleg i utdanningsløpet. Allereie frå dei første skuleåra. Dei som har fråvær, skal følgjast opp av skulen, det har vi gjort tydelegare i ny opplæringslov. Like viktig er det at elevane trivst betre på skulen. Det gjer dei gjennom ein skule som i større grad legg opp til at alle opplever meistring, seier Nordtun.