Vil ha nynorsk medielinje i Volda
– Eit godt initiativ, seier Språkrådet.
Volda vidaregåande skule jobbar for å få status som landslinje for utdanninga Medium og kommunikasjon med ein tydeleg nynorsk profil.
Dette går fram av ein korrespondanse mellom Volda vidaregåande og Språkrådet, melder Møre-nytt.
– Dette gjer vi blant anna for å gje nye generasjonar gode opplevingar knytt til nynorsk som framtidsspråk, skriv avdelingsleiar for utdanninga Medium og kommunikasjon Jorid Vårdal til Språkrådet.
– Språkrådet tykkjer at dette er eit veldig godt initiativ! svara avdelingsdirektør Marianne Aasgaard.
Ei landslinje betyr at elevar frå heile Noreg kan søkje seg inn, ikkje berre i sitt eige nærområde og det er Kunnskapsdepartementet som avgjer kva tilbod som får slik status.






