Rektor vil ha nasjonale parfyme-reglar på skulane
Rektor Nina Røvik ved Bodø vidaregåande skule har gode erfaringar med strenge reglar for parfymebruk på skulen. No ønskjer ho seg nasjonale reglar.

Bodø VGS har sidan 2022 jobba for å redusere parfymebruken gjennom haldningsarbeid og teknologiske verktøy som luftkvalitetsmålarar. Hovudgrunnen er at overdriven parfymebruk skaper helseutfordringar som hovudverk, kvalme og allergiske reaksjonar for både elevar og lærarar.
– Folk som er allergiske, kan jo få reaksjonar, men vi opplever også at folk blir både uvel, kvalme og får vondt i hovudet når det blir for mykje parfyme, seier rektor Nina Røvik ved Bodø VGS til NRK.
Skulen har teke i bruk eit litt spesielt verktøy for å kontrollere mengda partiklar frå parfyme i lufta. Ein liten, kvit boks, som liknar ein røykvarslar, registrerer det meste rundt luftkvaliteten i romma, frå temperatur til partiklar frå parfyme.
– Vi har ein sånn i åtte ulike rom rundt om på skulen. Så har vi eit program der vi kan lese av verdiane og kontrollere luftkvaliteten, seier rektoren.
Røvik håpar no på hjelp frå høgare hald for å gjere skular over heile landet så parfymefrie som mogleg. Ho har utfordra fylkeskommunen på å innføre nokre generelle reglar for skulane i Nordland, men hadde gjerne sett at utfordringane blir tekne på endå høgare nivå.
– Eit forbod vil jo bli svært vanskeleg å handheve, men kanskje kunne vi fått nokre overordna retningslinjer, slik dei til dømes har på sjukehusa. Ei felles haldning for alle kunne nok gjort dette arbeidet enklare, seier ho.