«Valet som ikkje var til sals»
– Denne valdagen vart milliardærane ståande med skjegget i postkassa, skriv Sveinung Bjørnson Snipsøyr (17).

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
På innsetjingsseremonien som markerte starten på Donald Trump sin andre periode som president i USA, sat den dåverande rikaste mannen på jorda, Elon Musk på første rad. Han stod også på talarlista, og utførte under talen den omdiskuterte handrørsla som av mange blei tolka som ei fascistisk helsing.
Dette er ein mann som pumpa inn ein stor pengesum i valkampen til Donald Trump, og som konsekvens av at Trump vann valet, fekk denne summen mangedobla tilbake i skattekutt og gunstigare forhold for dei aller rikaste i landet.
Musk er berre ein av mange rikfolk i statane som brukar dei enorme pengesummane sine til å påverke politiske avgjersler og val som i utgangspunktet skal vere demokratiske.
Når vi dette året hadde valkamp før det norske stortingsvalet, såg ein liknande tendensar her.
Norske valkampmillionar
Før og under den norske valkampen kunne ein lese i norske aviser om milliardærar som donerte mange millionar til dei borgarlege partia. Mellom anna kom nokre av desse millionane frå Aksjon for borgerlig valgseier, som er eit mellomledd for menneske som ønsker å donere pengar til partia anonymt.
Dette kan mellom anna opne for utanlandske aktørar, kriminelle miljø og andre som ønsker å påverke norsk politikk på ein skjult måte. Heldigvis blei anonyme pengegåver til dei politiske partia ulovlege frå den 1. juli, noko Framstegspartiet stemte mot som einaste parti på Stortinget.
Det var berre Framstegspartiet som takka ja til pengane av ukjend opphav frå Aksjon for borgerlig valgseier, men dei andre partia på høgresida har også tatt imot store pengesummar frå norske milliardærar. Alt i alt hadde borgarleg side fått inn 18 millionar meir i valkampstøtte enn raudgrøn side per 1. august.
Pengar frå demokratiske organisasjonar
For å forsvare dette, har enkelte dratt fram at dei raudgrøne partia i forkant av valet har mottatt pengestønad frå fagforeiningane. Det som då er viktig å hugse på er at fagforeiningane er demokratiske organisasjonar som representerer over to millionar norske arbeidstakarar. Tradisjonelt er fagforeiningane ryggrada i arbeidarrørsla som mellom anna har sikra tilsette i norsk arbeidsliv lovfesta rettar om lønning, ferie, overtidsbetaling og generelt betre arbeidsvilkår.
Fagforeiningane er interesseorganisasjonar som skal skape betre forhold for vanlege arbeidstakarar og då er det sjølvsagt naturleg at dei vel å støtte den blokka som dei meiner best ivaretek desse interessene.
Det er noko heilt anna at økonomisk velståande enkeltmenneske, som har gjort seg rike på norske naturressursar og norsk arbeidskraft, eller ved hjelp av arv, vel å bruke enorme summar for å stikke av frå skatterekninga, heller enn å bidra til det norske fellesskapet dei sjølve har nytt godt av. Dersom borgarleg side hadde vunne valet, og formuesskatten hadde blitt fjerna, hadde skattetrykket på dei aller rikaste blant oss gått drastisk ned. Det hadde vore ei prioritering av dei som eig mest som ingen av dei som fagforeiningane er meint å representere er tent med.
Denne valdagen vart milliardærane ståande med skjegget i postkassa.
Det viste seg at trass i all sin velstand, kunne dei ikkje kjøpe valet for pengar.
I fire år til må dei rikaste fortsetje å betale sin del av rekninga.
I fire år til er Framstegspartiet og nye veslebror Høgre haldne ute av regjeringskontora. Valet 2025 var valet dei få ikkje kunne kjøpe frå dei mange.