Politikk og samfunn

«Ei verd som blir rysta i løpet av to dagar»

Eg vil ikkje vekse opp i ei verd der vald, urettferd og frykt definerer kvardagen, skriv Akalya Sivananthan (18) i Senterungdommen.

Akalya Sivananthan (18)
Medlem av internasjonalt utval i Senterungdommen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I løpet av eit par dagar har vi blitt vitne til hendingar som kunne fylt historiebøkene kvar for seg: Charlie Kirk er død, dronar har angripe Polen, Qatar har blitt bomba, og revolusjonen i Nepal har vakse fram. Når så mykje skjer på så kort tid, er det nesten umogleg å puste mellom overskriftene.

Skuffa over verdsleiarane

For oss unge er dette skremmande. Vi har vakse opp med løfte om fred, samarbeid og demokrati, men ser no ei verd som stadig blir meir uføreseieleg og valdeleg. Overskriftene minner oss om kor skjørt demokratiet eigentleg er – og kor raskt stabilitet kan smuldre opp. Det som før verka trygt og langt unna, følast plutseleg nært og trugande.

Når vi tar opp telefonen om morgonen, veit vi aldri kva nyheit som vil ta pusten frå oss den dagen.

Eg er skuffa over verdsleiarane. Vi får høyre store ord om fred og samarbeid, men samstundes lar de konfliktane eskalere. De bygger opp under mistillit og fiendebilete i standen for å leite etter løysingar som kunne spart menneskeliv. Folkemordet i Gaza er eit eksempel på korleis millionar av uskyldige blir utsette for liding, medan mange verdsleiarar teier eller driv politikk som gjer situasjonen verre. Når bomber fell, dronar flyg over grenser og revolusjonar trugar med å kollapse heile samfunn, held det ikkje med symbolpolitikk. Vi treng handling, ikkje retorikk.

quote-left

Vi ser kva de gjer, og vi ser kva de ikkje gjer.

quote-right

Forventar handling og leiarskap

Denne utviklinga er ein direkte trussel mot våre demokratiske verdiar. Når frykt og kaos tar overhand, gir det autoritære krefter spelerom. Historia minner oss om kva som kan skje når menneska mistar trua på våre demokratiske verdiar. Som ung, og som ein del av ein generasjon som skal leve lengst med konsekvensane av dagens avgjerder, kjenner eg ei uro som er vanskeleg å riste av seg.

Men frykta kan ikkje lamme meg – og eg kan ikkje la verdsleiarane sleppe unna med symbolpolitikk medan menneske døyr.

Eg skriv dette som ei ung stemme, men også som eit menneske som ser korleis vala deira formar mi framtid. Til verdsleiarane: Vi ser kva de gjer, og vi ser kva de ikkje gjer. Vi forventar handling, ikkje tomme ord. Vi forventar leiarskap som set liv og demokrati framfor maktspel og politiske poeng. Framtida er vår å arve, men den kan de ikkje bestemme aleine – den må de beskytte, elles sviktar de oss alle.

quote-left

Vi må våge å krevje meir av verdsleiarane

quote-right

Vi har alle eit ansvar

Men vi kan ikkje berre vente på leiarane. Vi har alle eit ansvar. Som borgarar, naboar og medmenneske må vi engasjere oss, stille spørsmål og krevje at verda blir ein tryggare stad. Vi må halde kvarandre ansvarlege, støtte dei som kjempar for fred og rettferd, og ikkje la oss skremme til passivitet.

Eg vil ikkje vekse opp i ei verd der vald, urettferd og frykt definerer kvardagen. Eg vil leve i ei verd der ungdom kan drøyme om framtida, der barn kan føle seg trygge, og der avgjerdstakarar handlar for menneske, ikkje for makt.

Vi kan framleis forme denne framtida, men da må vi våge å seie ifrå no. Vi må våge å krevje meir av verdsleiarane. For viss vi ikkje gjer det, vil vi alle bli offer for dei vala som blei tatt medan vi sat stille.