Raud Ungdom-leiar går av etter massivt press – kjem med stikk til moderpartiet

Leiar av Raud Ungdom, Amrit Kaur, trekker seg etter press frå Raudt og ei rekke andre politikarar og veljarar.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– Eg vil det beste for medlemmene mine, og eg ønskjer eit sterkt Raud Ungdom. Det er kampen for ei rettferdig verd og mot imperialisme som er det viktigaste. Eg trekkjer meg derfor som leiar for Raud Ungdom.

Det uttalar Amrit Kaur på Facebook torsdag ettermiddag.

Kaur skriv vidare at ho ikkje gir seg som aktivist, og vil halde fram kjempe for ei betre verd, men at det er rett å gå av no.

Det var Subjekt som først melde om avgangen.

Les heile innlegget frå Facebook:

«I går la eg ut ein video på TikTok der eg gjer narr av reaksjonane på drapet av Charlie Kirk. Det var usmakeleg og uansvarleg forsøk på å vere morosam i ein svært alvorleg situasjon. Verken eg eller Raud Ungdom støttar drapet på Kirk, eller attentat som det i det heile. Det var lite gjennomtenkt, og eg forstår godt at folk reagerer. Dette har gått utover Raud Ungdom som organisasjon og medlemmene våre.

Eg vil det beste for medlemmene mine, og eg ønskjer eit sterkt Raud Ungdom. Det er kampen for ei rettferdig verd og mot imperialisme som er det viktigaste. Eg trekkjer meg derfor som leiar for Raud Ungdom. Eg kjem ikkje til å gi meg som aktivist, og vil halde fram å kjempe for ei betre verd til den dagen eg døyr, men dette er det rette å gjere no.

Tusen takk til alle medlemmene i Raud Ungdom, og takk til Raud Ungdoms sentralstyre. De har gjort ein strålande jobb, og det veit eg at de kjem til å halde fram med. Det har vore ei ære å få representere Raud Ungdom fram til no.

Me sest nok igjen
Amrit xx»

Press frå Raudt-leiar

Kaur trekker seg etter eit turbulent døgn som starta med at den amerikanske samfunnsdebattanten og MAGA-aktivisten Charlie Kirk vart skoten og drepen i USA. Kaur la ut ein video der ho harselerte med drapet. Ho sletta videoen og sa at ho angra, men har fått massiv kritikk i timane etter.

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen skreiv på Facebook at Raudt forventa at Kaur går av. To timar seinare kom nyhenda om at Kaur trekke seg som leiar for Raud Ungdom.

I Subjekt takkar ho sentralstyret sitt, og legg til:

– Og så håpar eg dei som kjem etter meg får meir hjelp og støtte frå moderorganisasjonen, enn det me har fått.

Gløymde den menneskelege dimensjonen

Kaur forklarar at ho såg på drapet som ein konsekvens av amerikansk våpenpolitikk, som ho har vore motstandar av over tid.

– Dette skal ein framleis kunne diskutere, men til ei anna tid, seier Kaur til Subjekt. 

– Akkurat no er det viktigare å ta avstand frå politisk vald. I den oppheita augneblinken, gløymde eg den menneskelege dimensjonen, og det forstår eg er usmakeleg og sårt. Dette beklagar eg.

Nestleiar Ahmed Al-Saedi trekte seg torsdag morgon i protest mot videoen til Kaur. Det er uvisst om han no vil tilbake i Raud Ungdom.

Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med både han, Amrit Kaur, nestleiar Halvor Bergkvist og generalsekretær Syver Kleve Kolstad utan å lukkast.