«3 gode grunnar til å røyste med verda i bakhovudet»
Vi veit at verda kan bli betre, med dei rette folka ved makta, skriv Ragnhild Bergli, leiar i Changemaker.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Er du også overvelda av eit nyhendebilete som i stor grad viser at verda går til helvete? Føler du at det ikkje er noko du kan gjere for at verda skal bli betre? Då har eg ei klar oppfordring til deg: bruk røysteretten din i valet! Stem på parti som viser politisk leiarskap og kjemper for rettferd, solidaritet, menneskerett og ei betre framtid for oss alle.
Noreg står overfor eit viktig val, ikkje berre for vårt eige land, men også eit som vil påverke korleis vi samhandlar med verda. Dei neste fire åra er siste innspurt for å nå viktige klimamål og FNs berekraftsmål.
Dette verkar å ha gått mange politikarar hus forbi i årets valkamp, men heldigvis finst det nokre politikarar som vil jobbe for gode løysingar på verdas utfordringar. Når verda bokstaveleg talt brenn, er det derfor ekstra viktig at vi unge tek makta i eigne hender!

Noreg står overfor eit viktig val, ikkje berre for vårt eige land, men også eit som vil påverke korleis vi samhandlar med verda

Vi må bruke røysteretten vår ved årets stortingsval, og røyste inn dei politikarane som vil skape ei betre verd.
Sjølv om dette valet handlar om Noreg, er det viktig å hugse på at det ikkje skjer i eit vakuum. Kva som til ei kvar tid går føre seg ute i verda, påverkar oss i Noreg, særleg når vi er ein så liten nasjon som vi er.
Akkurat no gjer Israel seg på brutalt vis skuldig for folkemord på Gazas befolkning, og krigen i Sudan har aldri vore verre. Vår nabo Russland fører ein ulovleg angrepskrig mot Ukraina, medan USA er i handelskrig med heile verda.
Som om ikkje det var nok, så legg vi bak oss ein ekstremt varm sommar, forårsaka av klimaendring som aldri tek ferie. Og det er berre toppen av isfjellet. Når vi står i ei krevjande tid, må vi vende blikket utover og ta tak i problema – ikkje snu oss vekk.
Derfor er det ekstra viktig i årets stortingsval at vi tenkjer på korleis dei ulike partia vil møte dei utfordringa som verda står overfor – og som også vil påverke oss, om dei ikkje allereie gjer det.

Når vi står i ei krevjande tid, må vi vende blikket utover og ta tak i problema – ikkje snu oss vekk

Er du ikkje overtydd enda, har eg tre heilt konkrete grunnar til kvifor:
1. Akkurat no er vi vitne til folkemord på Gaza, menneskerettar og menneskeverd er under press verda over, og klimakrisa blir berre verre. Alt skjer samtidig. Å handtere dette krev politisk leiarskap, og vi har no moglegheit til å velje kven vi vil at skal leia oss gjennom dette.
2. Det finst mange løysingar på dei fleste kriser i verda, slik som klimakrisa. Det finst også politikarar som har vilje og handlekraft til å gjere noko med det. Det er dei vi burde røyste på!
3. Norsk politikk er ikkje separert frå resten av verda, og vi er faktisk ikkje maktesløyse i møte med verdas kriser. Noreg kan gjere mykje godt for verda – så lenge dei riktige menneska sit ved makta.
Vi veit at verda kan bli betre, med dei rette folka ved makta. Derfor håper eg at du vel å bruke di røyst og oppfordrar alle, men spesielt oss unge, å ha verda i bakhovudet når du avlegg røysta di.