Isabelle Ringnes valde økonomi framfor fag ho eigentleg brann meir for. På BI kom ho ikkje inn i den «kule» gruppa.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Kvardagen min var fylt med studium. På BI vart eg ein del av jentekoret Femme fatales og skuleavisa Inside. Eg skjønte ganske raskt at lidenskapen min låg i underhaldning, journalistikk og media – ikkje i økonomi. Dermed brukte eg vesentleg meir tid på desse verva enn på sjølve studia, skriv Isabelle Ringnes (36) i ein e-post til Framtida.no.

Året var 2008 og Ringnes hadde akkurat flytta heim til Oslo frå Barcelona, der ho hadde studert spansk.

Etter det jobba ho i kosmetikkselskapet Dermanor i eit halvt år, eit selskap som høyrer til Ringnes-eigde Dermanordics, der Isabelle framleis sit i styret.

Følte seg ikkje heime i økonomifaget

Med tanke på familiebakgrunnen er det kanskje ikkje så overraskande at ho valde siviløkonomistudiet ved Handelshøyskolen BI, men det skulle vise seg å ikkje vera full klaff.

– Økonomi er eit fag eg ikkje følte at eg høyrde heime i eller syntest var spesielt spanande. Men som mange andre i 20-åra var eg usikker på kva eg eigentleg brann for og kva eg ville gjera med livet. Så eg valde å halda fram med studia i håp om å finna retning undervegs, minnest Ringnes.

Isabelle Ringens og mor Denise på lågterskel triatlon i Nord-Noreg. | Foto: Privat

Eitt av hennar sterkaste minne frå det året er fadderveka på BI, då ho vart tvinga til å drikka øl gjennom eit gigantisk sugerøyr.

– Det vart vakuum, og eg drukna nesten i øl. Resultatet var at eg vart så full som eg aldri har vore før eller sidan – eg enda i oppkast langs Ring 3, og det er framleis nok til å gje meg kvalme berre av tanken.

Det andre minnet er opptaket til jentekoret Femmes Fatales.

– Eg måtte inn i eit mørkt rom med 20 kvinner kledd i svart, stearinlys overalt, frekke spørsmål og måtte syngja ein improvisert song. Det var intenst og utruleg morosamt – og starten på eit fantastisk jentekor-eventyr og mange gode vennskap.

Valde feil – angrar ikkje

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, på ingen måte – og det er nok derfor eg enda opp med å studera økonomi. Eg vart fortald at om ein tek økonomi, så kan ein bli «alt ein vil» seinare. Problemet er berre at det føreset at ein faktisk har interesse for økonomi. Og det hadde eg ikkje, verken då eller no.

Isabelle Ringnes rappar på scenen med studentkoret Femme Fatales. | Foto: Privat

Ringnes var mykje meir oppteken av media, kommunikasjon, journalistikk og psykologi – fag ho eigentleg hadde lyst til å studera, men valde bort.

– Så det vart ein U-sving innom økonomi før eg seinare fann tilbake til det eg faktisk brann for. I dag jobbar eg heiltid med kommunikasjon om teknologi. Og sjølv om sjølve økonomistudiet ikkje var den store kjærleiken min, ville eg aldri vore forutan nettverket, erfaringa og alle dei fantastiske vennene eg fekk frå tida på BI.

Obama, Lady Gaga og subprime-lån

Utanom studia hugsar ho finanskrisa, som prega samfunnet.

– Plutseleg var heile verda i sjokk, og ord som «subprime-lån» vart kasta rundt som om alle hadde mastergrad i økonomi, minnest Ringnes.

Lady Gaga suste inn i popkulturen, og gjekk på repeat hos Ringnes saman med Rihanna og Karpe Diem, som seinare korta ned namnet sitt til berre Karpe.

2008 var òg året Obama vart vald til president, og gav ein heil generasjon trua på at endring faktisk var mogleg.

iPhone og Facebook

Men òg den tekniske utviklinga gjekk fort:

– Midt oppi det heile kom iPhonen for fullt. Eg var tidleg ute og elska han frå dag éin – eg skjønte med ein gong at dette ikkje berre var ein telefon, men starten på ein heilt ny måte å leva på, minnest Ringnes.

TV-titting var det lite av, men ho var svært fascinert av Facebook, og hugsar at folk brukte meir tid der enn på å lesa aviser.

– Litt innom bloggsfæren var eg òg, men den einaste eg følgde ordentleg var Linnéa Myhre.

Glad i bursdagar

Isabelle Ringnes hugsar 18-årsdagen sin godt, men 20-årsdagen har ho ikkje noko minne om.

– Eg er likevel heilt sikker på at han vart feira med brask og bram, med middag og alt som høyrer til. Eg har alltid vore ein forkjempar for å feira bursdagar – for meg er det ei feiring av livet og ein måte å visa takksemd for vennene sine. Samtidig må eg innrømma at eg likar betre å dra i andre sine bursdagar enn å feira min eigen … men ein må gje og ein må ta.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Eg har alltid vore veldig familiekjær, og då eg var 20 var både mamma og pappa dei viktigaste personane i livet mitt. Dei har alltid vore der, kjent meg ut og inn, og vore enorme støttespelarar. Dei har gitt meg kloke råd og vore ei trygg og varm hamn. Eg er utruleg takksam for at eg fekk akkurat dei som foreldre.

Isabelle fotografert på tur med foreldra Christian og Denise. | Foto: Privat

Kom ikkje inn i den «kule» gruppa

Dei store fryktene i livet var å mista familie og vener.

– Men om eg ser bort frå det, trur eg den største frykta mi då eg var 20, var å ikkje passa inn eller ikkje få venner. Då eg starta på BI søkte eg meg inn i Børsgruppen, som var den «kule» gruppa å vera med i. Alle vennene mine kom inn, bortsett frå meg. Eg hugsar godt kor redd eg var for å bli ståande utanfor, for å ikkje vera populær eller for å bli einsam. Heldigvis vart det ikkje sånn.

Og den opplevinga lærte ho noko viktig:

– Når ting ikkje blir som ein hadde sett for seg, må ein tora å finna andre vegar. Ofte viser det seg at dei alternative vegane er både betre og meir rette enn dei ein først trudde ein skulle gå.

Vurderte marknadsføring eller journalistikk

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg hugsar at eg, då som no, var ekstremt positiv. Eg elska livet og tanken om framtida, svarar Ringnes, og utdjupar:

– Det slår meg kor heldig eg var! Av og til bekymra eg meg for at dårlege karakterar i enkelte fag kunne stengja dører, men inst inne stolte eg på at eg kunne klara det eg verkeleg ville – så lenge eg var interessert nok.

Det fekk ho seinare bevist då ho tok ei mastergrad i media management i New York og gjorde det mykje betre enn på BI.

– Eg visste at eg ville jobba med kommunikasjon, jobba prosjektbasert og samarbeida med mange ulike typar menneske. Korleis den jobben konkret skulle sjå ut, visste eg ikkje – eg såg kanskje for meg marknadsføring eller journalistikk – men i ettertid hamna eg ikkje så langt unna.

Ta sjansar!

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg har alltid vore ganske eksperimentell med hår, sminke og klede – og stilen min då var mykje glitter, sjølvbruningskrem, høgt bleikt hår, hettegenserar og svært korte skjørt. Så frå eit estetisk perspektiv ville eg nok humra litt. Men på eit djupare plan trur eg at eg ville sett ei ung kvinne som ville veldig mykje, som kasta seg ut i livet, og som ikkje var redd for å vera seg sjølv.

Hadde ho møtt seg sjølv som 20-åring ville ho mint seg sjølv på å vera tryggare i at nye venner og utvikling er positivt, og at ho burde bry seg mindre om kva andre meiner.

Isabelle Ringnes ville humra litt av stilen i 2008, men òg sett ei ung kvinne som ikkje var redd for å vera seg sjølv. | Foto: Privat

– Ver eit godt menneske, ta vare på dei du er glad i, ikkje gå på akkord med verdiane dine og integriteten din, jobb hardt og ver raus – så ordnar mykje seg.

Og så ville ho gitt seg sjølv det rådet ho framleis lever etter:

– Hald fram med å utfordra deg sjølv. Ta sjansar, gjer ting du ikkje kjenner deg klar for, seia ja til moglegheiter sjølv om dei skremmer deg litt. Det er nettopp sånne erfaringar som byggjer sjølvtillit, meistring og utvikling. Alle startar ein stad – 20-åra er den perfekte tida å prøva, feila og feira.