Tobias Sten om suksessen: – Livet er snudd på hovudet, og eg klyper meg i armen kvar gong eg vaknar

– Folk kan høyra så mykje dei vil på festmusikk og tekstar om å vera frekke og tøffe. Men når dagen er omme, trur eg dei har behov for å vera sårbare, seier Tobias Sten (21).

NPK-NTB-Gitte Johannessen
Publisert

Den nye countrystjerna har det siste året – etter at han vann talentkonkurransen Norges nye countrystjerne – levert ofte utleverande songar om å vera ung mann og bera på for mykje kjensler.

No slepper han ein utvida versjon med tre nye songar av det sjølvtitulerte debutalbumet sitt, som kom ut i mai og låg på førsteplass i fleire veker.

– Eg sat med ei kjensle av at det var meir eg skulle ha sagt. Eg ville òg gi noko tilbake til folka mine fordi dei har behandla meg så varmt og fått meg opp og fram denne sommaren, seier Sten til NTB.

Låt om sakn

Albumet blir sloppe fredag, samtidig som Tobias Sten òg gir ut ein av dei nye songane som singel. «Ingen her e deg» er skriven og sungen med Synne Vo, og der får dialekten hans frå Stord møte hennar frå Gudbrandsdalen.

– Eg har lenge vore ute etter ei jente med særeigen dialekt og nokre fin-sære gloser. Vi snakka mykje og kunne begge relatera til temaet rundt «håplaus kjærleik i ei lita bygd», seier Sten om låten, som skildrar den typiske laurdagskvelden på den lokale puben, einsam blant mange.

«Sikkert fleir i denna baren her for meg, men da hjelpe ikkje når ingen her e deg», går låtteksten. I forkant har han fått merksemd TikTok.

● Les også: Synne Vo får dialektpris

– Er overtydd

Tidlegare i karrieren var Synne Vo med på å skriva «Smilet i ditt eget speil» med Chris Holsten og «Danser videre i livet» med Hkeem og Makosir. Ho seier at Tobias Sten gir henne trua på at «folk framleis vil ha ærlege tekstar og kjensleg musikk». Sjølv seier Sten:

– Eg har ikkje berre trua, eg er overtydd. Det er som mamma seier: Ærlegdom varer lengst.

Tobias Sten vann i fjor sommar talentkonkurransen «Norges nye countrystjerne», som plateselskapet Universal står bak. Der leita dei etter ein norskspråkleg artist. No ser han ut til å ha vorte akkurat det, med listetoppande platedebut, fleire førsteplassar på Spotify og 40 millionar strøymingar og nær 800 000 månadlege lyttarar.

– Det de kallar «suksess» er svært uvand og merkeleg for meg å forstå. Eg har lenge spurt meg sjølv kva som gjer at folk gidd å høyra på akkurat meg. I det siste har eg reflektert mykje over dette. Eg har no kanskje innsett at folk ikkje spøker når dei seier at det var dette dei har sakna, men ikkje visste at dei trong. Det kjennest godt å gjera andre godt. Musikken min bidreg til noko positivt og viktig.

– Litt tøffare

Tobias Sten er ofte utleverande, som i den nye songen «Hymne», som er både sårbar og personleg. Han gjekk inn i artistprosjektet med eit mål om å heile vegen vera ærleg og ekte.

– Det skal eg klara å halda. Med tillit og ein bra relasjon til lyttarane og fansen min er det lite som lenger er feil. Men sjølvsagt kan visse ting vera litt tøffare å dela enn andre.

– Victor Leksell tek pause og vurderer å droppa artistkarrieren fordi han synest det er tøft med alt rundt – som TikTok. Kan du kjenna deg igjen i det?

– Absolutt. Spelet har fått nye reglar. Dagens tilgjengelegheit på internett og eksponeringa gjer skade på den heilage kjensla av å vera til stades her og no. Alle utfall er liksom berekna på førehand, og folk skal dela si meining og gjerne vera imot noko, svarer Tobias Sten:

– Ringer mamma

– Men eg tenkjer at om ein er seg sjølv, og gjer det ein sjølv kjenner ein har lyst til, er det lite dagens samfunn kan øydeleggja for deg. Ein må stå på sitt og ikkje la seg freista av snarvegar, seier Sten.

Han besøkjer mormora eller ringer mora når ting er «litt vonde» og tør vise sakn overfor gamle kompisar.

– Dei kan hjelpa meg med å minna meg om den eg alltid har vore. Ein må omringa seg sjølv med folk som lèt deg vera deg. Ein må halda det enkelt. Sjølv om livet er snudd på hovudet, og eg klyper meg i armen kvar gong eg vaknar, prøver eg ikkje å tenkja så mykje over det og heller fokusera på korleis ein kan bevara det, seier den 21 år gamle countrystjerna.

Stor haustturné

Dei nye låtane skal han ta med seg ut på ein omfattande noregsturné utover hausten. 21 av 26 konsertar er allereie utselde – også når stordabuen entrar byar som Stavanger, Trondheim og Bergen. Sjølv til Oslo-konserten på Sentrum Scene over nyttår er det få billettar igjen.

Mange av dei er solokonsertar, berre Tobias Sten og gitaren, og det ser han fram til.

– Hell yeahh, det blir så godt å få vera litt naken og intim med publikum att. Eg har spelt over tretti festivalar denne sommaren på enorme scener, og rått er det. Men når det berre er meg og gitaren, då kjenner du meg utan ei handhelsing først.

Tobias Sten skal ut på haustturné etter å ha spelt tretti festivalkonsertar i sommar. Her på Tysnesfest. | Foto: Marius Sørgjerd / Universal