Fleirspråkleg eventyrstund
I Ulstein arrangerer dei eventyrstund med tolk for fleire språk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først i Vikebladet Vestposten
Laurdag 24. januar skal Ulstein Folkebibliotek ha ei lita eventyrstund med tolking på arabisk og-/ eller somalisk på biblioteket. Biblioteket har fått prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune ved Fylkesbiblioteket for å satse på «Internasjonal myldring på biblioteket» som prosjektet heiter.
LES OGSÅ: – Eg kan vera ein kven
– Alle nasjonalitetar er velkomne til eventyrstund for dei minste og denne gongen har vi som sagt tolk, men eventyrstunda er tilrettelagt for norsktalande born også – sjølvsagt. Vi ser på biblioteket som ein møteplass der alle, også våre nye landsmenn kan kjenne seg velkomne, seier biblioteksjef Anne-Mari Harkjerr.
Meir å lese: Valkyrien Allstars til Ulsteinvik
Meir å lese: Magisk familiedag på biblioteket
Meir å lese: Ber du til høgare makter?