Radioprofilen ville eigentleg bli radiograf, men var redd for å velja feil retning i livet.

– Det sterkaste minnet er nok totalen av korleis det kjendest å vera i startgropa av vaksenlivet.
Cecilie Ramona Kåss Furuseth (41) er kjent både som veslesyster til Else Kåss Furuseth og programleiar på radio og tv.
I år er ho å sjå i 20-stjerners sommerferie på NRK, der ho konkurrerer i diverse sommaraktivitetar.
MySpace og puppeglipp
Radioprofilen fylte 20 år i 2004, året Janet Jackson hadde ein legendarisk puppeglipp på Superbowl og medan MySpace framleis var veldig stort.
Det året budde unge Kåss Furuseth i ei leilegheit på Bislett saman med si beste venninne frå vidaregåande.
– Eg hugsar det som heilt utruleg forløysande og stort å flytta heimanfrå, å styra kvardagen sjølv, kjøpa inn eigen mat, gama så mykje eg ville og ikkje minst innreia leilegheita i det som var vår stil. Dessverre inkluderte den stilen stearinlys i tomme vinflasker og tørka blomstrar, ein stil som eg trur mange har vore innom.
- Les også: Yrket mitt: Jakob (29) er radiograf
Tok opp fag
20-åringen frå Jessheim tok opp fag på Bjørknes, og hadde ein draum om å bli radiograf. Difor tok ho matte, biologi, naturfag og psykologi.
– Matten bestod eg så vidt, men heldigvis heldt det til å komma inn på draumestudiet, sjølv om eg enda opp med å snu heilt og det var absolutt ikkje der eg enda opp til slutt.
Ei bok som gjorde enormt inntrykk på Cecilie Ramona Kåss Furuseth var Enrico Brizzis Jack Frusciante gjekk ut av gruppa.
– Eg anar ikkje om den har halde seg. Trur eg må lesa henne igjen i sommar. Elles var eg ekstremt fan av Team Antonsen, Friends (som hadde sin siste sesong i 2004), og filmen Mean Girls. Den har faktisk halde seg!
Mentor og rådgjevar
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Ganske sikker på at eg var på utestaden Møllers i Oslo med vennene mine og drakk for mykje billig øl eller Bacardi Breezer med vassmelonsmak, skriv Cecilie Ramona Kåss Furuseth.
Den viktigaste personen i livet hennar på den tida var faren, som ho kallar sin mentor og rådgjevar i livet.
Ho trudde ho visste kva ho skulle bli, men tok grundig feil.
– Eg var veldig usikker på framtida, og klarte ikkje landa heilt på kva, eller kvar eg skulle. Eg kjende eg hadde dårleg tid, minnest Kåss Furuseth i dag.
– Mi største frykt var nok frykta for å velja feil retning i livet, og å ikkje «bli noko» eller ikkje leva opp til eigne eller andres forventningar.
Slapp av!
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg ville kanskje tilrådd den 20-åringen å bekymra seg litt mindre og slappe litt meir av.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Eg trur eg ville gitt sagt at det kom til å ordna seg til slutt, men tviler på at 20-årige meg hadde trudd på det. Så då gir eg med dette det rådet til eventuelle 20-åringar som les dette: Det kjem mest sannsynleg til å ordna seg til slutt!