Journalist og programleiar Espen Aas (52) var ein ambisiøs 20-åring. Han jobbar framleis i NRK, som gav han jobbtilbod allereie i 1993.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg var ein langhåra rocketype som ikkje eigentleg høyrde så mykje på rock lenger, men eg hadde halde på det gamle imaget. Det var eit veldig sosialt liv med konsertar, kino, henge med vener og diverse skiftande kjærleiksflingar.

Det skriv Espen Aas om livet som 20-åring i ein e-post til Framtida.no.

Frilansjournalist og radioentusiast

52-åringen frå Nykirke i Horten kommune er for dei fleste kjent som programleiar i Dagsnytt 18 på NRK, og har tidlegare vore utanrikskorrespondent for kanalen i London.

Arbeidsantrekket er dress og slips, men i sommar skal sjåarane få verte kjende med ei ny side av journalisten. Espen Aas får nemleg sin reality-debut i 20-stjerners sommerferie, som er sommarversjonen av den populære julekalendersatsinga til NRK.

I 1993 budde Aas i si første leilegheit i Horten. Han hadde gjort seg ferdig med vidaregåande skule, handelsskule med rekneskap året før, og heldt på med examen philosophicum samstundes som han jobba som frilansjournalist i lokalavisa Gjengangeren.

– På ettermiddagane og i helgene jobba eg også som frivillig i den lokale nærradioen der eg laga musikkprogram, køyrde teknikk i vaksenprogramma og hang med vener som også vart tilknytte stasjonen.

Ville bli økonom

Planen var eigentleg å jobbe innanfor økonomi, men på dette tidspunktet var det høg arbeidsløyse, og økonomi blant jobbane det var færrast av, minnest Aas.

– Eg elska journalistikken, men tenkte lenge at det aldri var noko eg kunne leve av.

Det sterkaste minnet frå året som 20-åring var difor å få tilbod om å jobbe i NRK.
– Det hadde vore ein draum i fleire år, men som eg likevel tenkte var umogeleg. Plutseleg kom det ein førespurnad om eg ville prøve meg som frilansar og vikar, og eg takka ja med ein gong. Meir enn 30 år seinare er det stadig NRK som betaler lønna mi, men eg hadde eit studieopphald på ein del år frå eg var 23.

Nokre år seinare skulle nemleg Aas reise ut i den store verda for å studere journalistikk ved Goldsmiths College i London, ein by han seinare har gitt ut bok om undergrunnssystemet til.

EU-debatt og Bob Dylan

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– 1990-talet var ei endringstid, og i 1993 kjente vi framleis på den snodige kjensla av at muren mellom aust og vest var borte, atomkrigstrusselen var fjern, vi trudde på at russarane ville bli som oss i vesten, samtidig som vi var uroa over krigen i Bosnia.

Aas minnest at EU-avstemminga i 1994 rykte nærmare, og det var mange sterke standpunkt både blant vener og familiemedlemmer.

Espen Aas las helst utanlandske forfattarar som Isabell Allende, Gabriel García Márquez, men elska òg Roy Jacobsens Seierherrene.

– Eg hadde ikkje TV i den første leilegheita mi, så det blei mykje musikk og radio.

20-åringen var svært engasjert i Bob Dylan, som han hadde oppdaga fire år i førevegen.

– Eg var veldig besett av å lytte meg gjennom katalogen til Dylan fram og tilbake, men eg lytta òg til artistar som Neil Young, Joan Baez, The Band og andre som var i sfæren til Dylan.

Ambisiøs og rastlaus

Han hugsar ikkje sjølve 20-årsdagen sin, men tippar det var ein heidundrande fest.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var veldig ambisiøs og ville mykje. Eg trur eg var ganske rastlaus og ønska meg vidare og vidare, uansett kor eg var. Kanskje litt for mykje opptatt av at eg skulle vidare til at eg heilt klarte å nyte der eg var.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

Slik såg Espen Aas ut året før han fylte 20 år. | Foto: Privat

– Eg trur kanskje eg var mest opptatt av meg sjølv som 20-åring. Det var ei oppbrotstid der eg ville realisere meg sjølv og finne min eigen veg. Eg sette openbert pris på venegjengane mine, medan familien nok på dette tidspunktet var del av det etablerte livet eg var på veg ut av.

Naut livet

Espen Aas kan ikkje hugse at han hadde særleg mykje frykt som 20-åring.

– Eg naut livet og verda var på det tidspunktet tilsynelatande fredeleg.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv?

– Eg har ei kjensle av at den vaksne meg hadde vore tvilande til at han unge langhåra fyren hadde så mykje å fare med. Og kanskje hadde eg tipsa han om at det ikkje var noko poeng i å ha så dårleg tid med alt som skulle opplevast.