Per Sandberg ville rådd seg sjølv til å ta utdanning.
– Livet var bekymringslaust i 1980, slår Per Sandberg (65) fast på e-post til Framtida.no.
65-åringen frå Levanger er godt kjent for si tidlegare rolle som frittalande Frp-politikar og statsråd i Solberg-regjeringa. I dag er han medlem av Liberalistene, har flytta til Thailand, og aktuell som deltakar i livsstilsprogrammet 16 ukers helvete.
Han har 20 års fartstid på Stortinget, men då han var 20 år var ikkje Sandberg i nærleiken av å tenke på politikken som yrkesveg. Han hadde allereie arbeidd i fem år, og vart innkalla til fyrstegongstenesta.
– Eg jobba som bildekkbyggjar ved Viking Askim, seinare vart eg tilsett ved Norske Skog på Skogn. Her jobba eg i 15 år før politikken «tok meg».
Bursdag med karsk
Per Sandberg er født og oppvaksen i Trøndelag, og det var godt å kome tilbake til heimplassen i 1980, etter å ha jobba i østfoldskommunen Askim.
– Eg flytta tilbake til Levanger etter fem år i «utlendighet».
På denne tida var han fullstendig fan av det danske rockebandet Gasolin’ og Kim Larsen, sidan Elvis hadde gått bort.
Bursdagen vart truleg feira på ekte trøndersk vis.
– Den hugsar eg ikkje, men han vart sannsynlegvis feira heime med karsk og venar.
Norsk tragedie
Sandberg hugsar derimot godt fleire store hendingar frå 1980. Favorittpresidenten Ronald Reagan vart valt i USA, musikklegenda John Lennon vart drepen, og Bjørg Eva Jensen vart olympisk meister på 3000 meter.
I tillegg har han eit tydeleg minne av Alexander Kielland-ulykka.
– Alexander Kielland-ulykka gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og står framleis fast som ein tragisk skandale.
Alexander Kielland var ei bustadplattform i eit oljefelt sør i Nordsjøen. I 1980 kantra plattforma, og 123 av dei 212 menneska om bord døydde. Det er framleis den største industrielle ulykka i norsk historie.
Ei verd utan sosiale medium
I tillegg til å spele fotball og å jobbe, var det også ei stor livsendring i horisonten for Sandberg.
– Eg var forlova med danske Ulla, mor til mine to første barn, skriv han.
Den tidlegare politikaren hadde likevel ikkje heilt konkrete framtidsplanar.
– Fokuset var å ha inntekt i nuet, etablere familie og skape økonomisk tryggleik.
Den viktigaste personen i livet var mora, og han var lite bekymra for framtida.
– All negativ påverknad frå medium var fråverande, og sosiale medium eksisterte ikkje, forklarar han.
Stor i kjeften
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Kven i all verda er denne hissige raudtoppen?? Stor i kjeften og så sta og kontroversiell?
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– På tide å ta ei utdanning Per.










