Då eg var 20: Bertine Zetlitz hadde ein håplaus kjærast ho gjorde det slutt med annakvar veke
Som 20-åring var Bertine Zetlitz «spinn forvirra» og gjorde mange dårlege val.
– Eg var aldri i tvil om at eg ville bli artist, men eg torde ikkje heilt å tru at det var mogleg, skriv Bertine Zetlitz i ein e-post til Framtida.
Bertine Axeliane Robberstad Zetlitz (50) er mellom anna kjent for hittane Fake Your Beauty, Twisted Little Star og Adore Me. Ho har vunne Gullmikrofonen, Oslo bys kunstnarpris og fleire Spellemannprisar gjennom karrieren.
Artistdraumen hadde allereie sett fyr då ho var 20. Zetlitz budde i sidebygget til farmora på Bislett og studerte psykologi på Universitetet i Oslo, medan ho spelte i band med to gutar ho kjende frå Foss vidaregåande skule.
– Det eg eigentleg brann for, var jo å skrive låtar.
Ho hadde eit ustemt piano på hybelen, og der sat ho og skreiv mange låtar. Kompisane i bandet programmerte, og dei sende demokassettar rundt til alle DJ-ane dei visste om.
Röyksopp og EU
Zetlitz fylte 20 i 1995, og ho hugsar godt krigen i Bosnia og EU-røystinga året før.
Ved sida av låtskrivinga høyrde Zetlitz på Portishead, Chemical Brothers og Massive Attack, som mellom anna hadde låta Karmacoma.
Og så klart Röyksopp.
– Dei inspirerte bandet vårt veldig. Vi sende til og med ein demo til Tromsø i håp om at dei ville høyre den, fortel Zetlitz.
– Spinn forvirra
Zetlitz hugsar at ho var redd for å ikkje bli noko. Det å bli artist var ein heilt utenkeleg ting i familien hennar.
– Ein skulle bli jurist, lærar eller noko anna solid. Vi var jo ein generasjon med konstant dårleg samvit for at vi ikkje utdanna oss nok og var flinke nok på skulen.
Ho fortel at ho var «spinn forvirra» og gjorde mange dårlege val.
– Eg hadde dårlege vener og ein håplaus kjærast som eg gjorde det slutt med annakvar veke. Vi var ute og dansa på klubb onsdag til sundag. Masse musikk og dansing!
Den viktigaste personen i livet hennar var ei venninne.
– Ho var endå meir forvirra enn meg, og eg gjorde alt ho føreslo.
Ville skrive betre engelsk
Ved sida av studia hadde Zetlitz helgejobb på ein liten butikk i Hegdehaugsveien kalla Silkeveien, som selde klede og møblar som var produserte i Kina.
Ho hadde først byrja på engelskstudium for å skrive betre tekstar på engelsk, før ho tenkte at psykolog høyrdest ut som eit sikkert yrke.
– Men det var berre artist eg ville vere, så då sjansen baud seg, satsa eg alt.
Omsider fall brikkene på plass, og det harde arbeidet løna seg. Ho var runda 21 då ho fekk kontrakt med EMI music og debuterte med singelen Getting Out.
Då melde ho seg av alle eksamenane for å satse på musikken. To år seinare kom debutalbumet Morbid Latenight Show.
Dansa truleg
Og nettopp musikken, dansinga og klubbane er det Zetlitz hugsar best når ho tenker tilbake på den tida; kor intenst det var.
– Internett var ikkje heilt i gang endå, så det var musikken som vart det største fokuspunktet, skriv ho.
Kva ho gjorde på 20-årsdagen sin, hugsar ho derimot ikkje, men det er ein sjanse for at ho var på ein segnomspunnen klubb i Oslo:
– Eg tippar eg var på HeadOn og dansa, skriv ho.
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Mykje innhald, lite retning.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Køyr på!









