Svenske Nayf (23): – Når folk snakkar om sånne som meg, handlar det om skyting og bombing

Nayf Aeob (23) frå Linköping meiner at svenske politikarar gjer ein for dårleg jobb med å lytta til ungdom som blir råka av segeregering.

Magnus Rotevatn
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.

– Politikarar snakkar alltid om kva dei ynskjer å gjera for å betra situasjonen i segregerte område, men dei inkluderer ikkje oss som primært blir påverka av lovene og tiltaka dei innfører.

Dette seier Nayf Aeob (23) frå Linköping. Han er ein del av organisasjonen KISAM-Världens Ungdomar.

Framtida.no møter Aeob under Almedalsveckan, den svenske varianten av Arendalsuka, som blei arrangert i Visby på Gotland den siste veka i juni.

Aeob siktar til at Sverige slit med ei dårleg integrert befolkning. Også i Noreg har gjengkriminalitet og segregering på den andre sida av riksgrensa skapt overskrifter.

Han seier at dei svenske politikarane i særs liten grad snakkar med ungdommane det gjeld, særleg om dei bur utanfor Stockholm.

– Politikarane snakkar som regel om oss og ikkje med oss.

Manglar fritidstilbod

Aeob meiner at segregering er eit stort problem i Sverige. Han fortel at innvandrar møter mange utfordringar som gjer det vanskeleg å bli integrert.

– Mange folk som bur i segregerte område manglar grunnar til å dra til andre plassar.

Til dømes meiner Aeob at det er eit problem at dersom ein stryk på svenska för invandrare så får ein ikkje byrja på nytt før det har gått seks månadar. Då kjem ein ikkje seg ut i jobb, men blir sitjande heime.

– Isolasjon er eit stort problem.

Aeob seier at dei som bur i segregerte område ikkje har dei same moglegheitene og fritidstilboda som ungdom i resten av Sverige.

– Det er mykje som manglar, ikkje berre fysisk, men òg økonomisk for at ungdom i desse områda skal ha andre plassar å vera enn gata.

Aeob fryktar at manglande fritidstilbod lett blir eit springbrett inn i kriminelle miljø.

– Ingen ser kor mykje eg bidrar

– Eg jobbar og betalar skatt. Likevel når folk snakkar om sånne som meg, handlar det om skyting og bombing. Ingen ser kor mykje eg bidrar til samfunnet, seier Aeob.

Amani Kabani (18), som også er med i KISAM-Världens Ungdomar, kjenner på mykje av den same frustrasjonen.

– Kvar einaste sprenging som hender kjem i media. Men alt det som me gjer, det kjem aldri i media, seier Kabani.

Både Aeob og Kabani har inntrykk av det er få som er interesserte i å høyra om dei gode tinga som skjer i innvandrartette bydelar.

– Politikarane må byrja å lytta til dei som blir påverka av lovene og ikkje berre ta avgjersler basert på statistikk og det som media skriv. Når ein faktisk snakkar med dei det gjeld, så ser ein fleire nyansar, seier Aeob.