Journalist-nettverk: Kenyanske våpen i den sudanske borgarkrigen

Våpen frå Kenya har funne vegen inn i den sudanske borgarkrigen. Dette styrkjer mistanken om at kenyanske styresmakter støttar den eine parten i krigen.

Magnus Rotevatn
Publisert

Sudan blir av FN omtala som eit av dei verste krigsområda i verda. Den pågåande borgarkrigen i det afrikanske landet har rasa sidan 2023, teke over 100 000 liv og drive millionar på flukt.

Kenya har lenge blitt skulda av sudanske styresmakter for å blanda seg i krigen. Kenyanske styresmakter har bastant hevda at dei jobbar for fred, men no tyder mykje på at dei gir støtte til ein av partane i konflikten.

Ammunisjon frå Kenya i Sudan

Den kenyanske avisa Daily Nation og gravejournalistikk-nettverket Bellingcat har identifisert ammunisjon knytt til Kenya i eit av våpenlagera til den paramilitære gruppa RSF.

Kenyanske styresmakter nektar for å ha kjennskap til ammunisjonen. Ein talsperson for regjeringa meiner at påstandane til Daily Nation og Bellingcat er falske nyhende og seier at Kenya jobbar for fred i Sudan.

– Me er upartiske, og som eg har sagt før, så ligg ikkje løysinga til denne konflikten hjå nokre eksterne aktørar. Eksterne aktørar kan berre støtta det sudanske folket i å finna deira eiga løysing, seier Isaac Mwaura, som er talsperson for regjeringa, til kenyansk presse.

No er mistanken om at kenyanske styresmakter støttar RSF likevel styrkt. Forholdet mellom Kenya og regjeringa i Sudan har forverra seg kraftig dei siste månadane. Særleg har den sudanske regjeringa reagert på at RSF har vore velkomne i Nairobi, hovudstaden i Kenya.

Sudans regjering meiner at Kenya hjelper RSF med å etablera parallelle styresmakter i Sudan.

● Les også: Kva skjer i Sudan?

Brukt som transittland

Krigen i Sudan blir i hovudsak utkjempa mellom to grupper, RSF (Rapid Support Forces) og SAF (Sudanese Armed Forces).

SAF utgjer kjernen av den militære delen av den sudanske staten. Dei er leia av Abdel Fattah al-Burhan, presidenten i Sudan.

RSF er ei paramilitær gruppe leia av Mohamed Hamdan Dagalo – som regel berre kalla Hemedti. RSF har tidlegare, på vegner av den sudanske staten, kjempa og styrt i området Darfur vest i Sudan.

At utanlandske aktørar er innblanda i krigen har vore kjend lenge. Det største avtrykket kjem frå Dei sameinte arabiske emirata som forsyner RSF med våpen. Desse våpenleveransane har vore avhengige av transittland – mellom anna Kenya. Andre transittland for våpena har vore Tsjad, Rwanda og Uganda. Det er vanskeleg å seia i kva grad desse landa har kjend til og akseptert våpenleveransane. 

Store humanitære konsekvensar

Krigen i Sudan er utvilsamt brutal, og dei humanitære konsekvensane er store.

Det er usikkert nøyaktig kor mange som har blitt drepne i løpet av krigen, men det er sannsynleg at meir enn 150 000 menneskeliv har gått tapt. Dei amerikanske styresmaktene meiner også at RSF er skuldige i eit folkemord.

Fleire millionar menneske har blitt fordrivne. Nesten 3 millionar av dei har flykta ut av landet. I tillegg er Sudan det landet med flest internt fordrivne i verda – meir enn 14 millionar.

Krigen råkar også sudanske barn hardt. Redd Barna estimerte i fjor at om lag annakvart barn har vore eksponert for frontlinja.

Mister tillit som nøytral part

Det kan ha store diplomatiske konsekvensar dersom Kenya blir sett på som alliert med RSF.

Kenyanske styresmakter påstår at dei er upartiske og arbeider for fred i Sudan. Den kenyanske regjeringa har særleg framheva den regionale organisasjonen IGAD, der Kenya har fått ansvaret for å jobba for fred i Sudan, som ein viktig meklingsinstans. Sudan si regjering har allereie lite tillit til IGAD og trekte seg som medlem av organisasjonen i 2024.

Analytikarar påpeiker også at eit inntrykk av Kenya som krigshissar kan påverka andre fredsprosessar, til dømes når det gjeld krigen i Kongo.

Å bli innblanda i Sudan-krigen kan også skapa mykje trøbbel for Kenya si regjering på heimebane. President William Ruto slit med mykje misnøye blant innbyggjarane og styresmaktene blir sett på som valdelege.

Regjeringskoalisjonen til Ruto heng allereie i ein tynn tråd.