Krigen i Kongo – kort forklart
Den pågåande krigen aust i Kongo er kanskje den mest interessante konflikten i verda. Konfliktlinjene er mange og kompliserte – til og med bisarre!
Aust i Den demokratiske republikken Kongo (ofte berre kalla DRC) har det vore krig i meir enn to tiår. Krigen er no inne i ein intens fase med kampar konsentrert rundt byen Goma som ligg på grensa til Rwanda.
DRC sine offisielle militærstyrkar kjempar mot geriljahæren M23 – som er nært tilknytt rwandiske styresmakter – om kontrollen over eit område kalla Kivu.
Avansert konflikt
På overflata kan det verka som ein enkel borgarkrig – eller nok ei humanitær katastrofe i Afrika. Men viss ein grev litt djupare ser ein at dette er ein avansert – og uhyre interessant – internasjonal konflikt.
Politikken som til dømes Trump og Putin fører står fram som usiviliserte barneleikar samanlikna med det som skjer i Kongo.
Dersom skal me forstå kva som skjer, må me klara å sjå at det som no skjer i Kivu har eit stort bakteppe. Eit utal politiske konfliktar og interesser har i samspel utløyst valden som verda er vitne til no.
Krigen i det austlege Kongo er ein kombinasjon av desse konfliktane og dynamikkane:
- Styresmaktene i Kinshasa (hovudstaden i DRC) sin kamp for suverenitet. Det finst ingenting som er verre for ei stat enn å mangla kontroll over territoriet sitt.
- M23 og andre militære grupper sin kamp for å overleva. For M23 og dei andre geriljagruppene aust i DRC vil eit tap bety at dei sluttar å eksistera – det inneber stor risiko for soldatane og dei militære leiarane personleg.
- Vanlege kongolesarar sin kamp for å ha mat på bordet og andre livsføresetnadar. Ein stat sånn som me kjenner frå Noreg eksisterer ikkje i dei austlege delane av Kongo. Samarbeid med dei reelle makthavarane – uansett kor grufulle dei er – vil for nokre innbyggjarar vera heilt naudsynt for å klara å overleva.
- Kagame-regimet i Rwanda sin kamp for makt, ressursar og eigen tryggleik. President Paul Kagame har styrt Rwanda på autoritært vis dei siste 25 åra. Regimet hans er kjend for grove brot på menneskerettane og for å involvera seg i militære konfliktar utanfor eigne landegrenser. Kagame var til dømes involvert i krigen som herja DRC frå 1998 til 2003. M23 har nære band til rwandiske styresmakter og som brukar dei som ein proxy-hær.
- Diktatoren Yoweri Museveni sitt regime i Uganda er sannsynlegvis òg involvert på same side som Rwanda. Me veit mindre om kva og kor store rolle ugandiske styresmakter spelar. Sjølv om Rwanda utvilsamt er ivrigast, reknar dei fleste med at Uganda støttar Kagame og M23. Kagame og Museveni har ei lang historie saman. Mellom anna var Kagame sentralt plassert i det ugandiske militæret fram til han var med å innta heimlandet Rwanda med sin eigen hær.
- Både regimet i Rwanda og Ugande er djupt militariserte. Kagame og Museveni er gode på å føra krig – det er den forma for politikk dei kjenner best. Repertoaret deira elles er særs avgrensa. Det er altså mogeleg at krigføringa deira skjer delvis på autopilot.
- Ein større aust-afrikansk maktkamp. Krigen handlar også om maktbalansen og den politiske utviklinga i Aust-Afrika.
- Aktørar utanfor Afrika som ynskjer å utnytta ressursar og arbeidskraft i Kongo.
Vil slå saman åtte land
DRC er medlem av to regionale organisasjonar som ein bør bita seg merke i: Det aust-afrikanske fellesskapet (forkorta EAC) og Samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika (forkorta SADC).
Av desse er EAC den mest interessante – og bissare!
EAC består av består av åtte land, inkludert DRC og Rwanda. Det ultimate målet til EAC er å slå alle dei åtte landa saman til ein føderasjon – altså eitt land.
Ja, du leste rett! Samstundes som DRC og Rwanda er i krig, skriv dei ein grunnlov saman for å kunna slå seg saman til eit land.
Krigen aust i Kongo har på fleire plan implikasjonar for den interne maktkampen i EAC. Kan til dømes Rwanda og Uganda bruka krigen til å hevda eigen makt? Vil storebror Kenya ta på seg oppgåva som fredsmeklar eller politi?
Støttar Kongo
Medlemslanda i SADC har brukt utestemme for å seia kva dei meiner om krigen. Fleire av SADC-landa har soldatar inne i Kongo som kjemper side om side ved regjeringsstyrkane.
Presidenten i Zimbabwe har lova å knusa M23. Sør-Afrika har truga Rwanda med krig.
Kagame og Rwanda har vore like spydige tilbake.
Det utspeler seg altså ein konflikt om det er EAC eller SADC som skal løysa krisa i Kongo. Kven er det som skal nyta goda med å vera knytt til DRC?
EAC-landa har også veldig ulik tilnærming til DRC. Kenya og Tanzania er nok ganske frustrerte over kva veslebrørne Rwanda og Uganda gjer.
Kontroversiell asylavtale
Rwanda har dei seinare åra fått merksemd i vesten for ein omstridd avtale med Storbritannia om å ta imot flyktningar for pengar. Storbritannia betalte landet 240 millionar pund før avtalen vart skrota.
I Noreg har Frp teke til orde for å ta over denne avtalen med Rwanda. Pengar som blir gitt til rwandiske styresmakter må ein rekna med at blir brukt på krigføring.
Rike naturressursar
Ein populær forklaring på krigen er at den er ein kamp om mineralressursane i Kongo. Alle som forbrukar mineral frå Kongo – det gjer du også – har difor litt av skulda. Denne forklaringa blir framholdt av mange aktivistar, mellom anna nobelprisvinnar Denis Mukwege.
Sjølv om ulovleg gruvedrift er ei viktig brikke i den aust-kongolesiske økonomien, er det ei dårleg forklaring på krigen. Å slutta å handla mineral frå Kongo kan endåtil gjera vondt verre.
Det er ikkje tvil om at mellom anna det rwandiske regimet tener feitt på å selja stolne mineraler frå Kongo. Arbeidsforholda i gruvene er også elendige.
At mange kongolserarar vil skifta beite og få seg kontorjobbar med fleksitid og kantineordning dersom mineralmarknaden forsvinn, er urealistisk. Dei fleste vil nok bli sende ut i ein endå meir prekær situasjon.
Ein betre forklaring på krigen er politisk konflikt og mangel på infrastruktur. Dette er maktkamp.