Aya (17) drar på ferie til okkuperte Vest-Sahara
Foreldra til Aya (17) er frå Vest-Sahara. Landet har vore okkupert av Marokko sidan 1975. Likevel er det hit familien drar på sumarferie kvart år.
– Etter sumaren byrjar eg på andre året på Akademiet i Sandes, byrjar Aya (17).
Før ho rekk å fortelje noko meir kjem mora hennar inn i stova og avbryt oss.
– No står dei utanfor! seier ho.
Vi spring til vindauget. Mora peiker ut ein kvit varebil på vegen nedanfor.
– Gå ein runde rundt kvartalet, og så ser me om dei følgjer etter, seier mora til meg, journalisten som intervjuar Aya.
– Det er ein bil og ein motorsykkel som følgde deg, fortel Aya når eg er tilbake i leilegheita.
Dei som held auge med oss er det sivile politiet i Marokko. Vest-Sahara er verken eit vanleg feriemål eller ein stad mange journalistar drar. Organisasjonen Reporters Without Borders skildra landet som ei «no-go»-sone for journalistar i 2019. Likevel er det hit familien til Aya reiser kvar sumar.
Sjølv om det norske passet beskyttar ho på ferie i Vest-Sahara ynskjer ho berre å stille til intervju med fornamn, for å unngå hets.
«Kor er det?»
– Eigentleg er det veldig fint å vere på ferie her, ikkje på grunn av situasjonen, men fordi eg får sjå familien min, folka og landet mitt, seier Aya når me held fram med intervjuet.
Slik namnet tilseier, ligg Vest-Sahara på vestkysten av Afrika.
– Nokon spør kor det er eller seier at dei aldri har høyrd om det. Nokon seier at det ikkje er eit ordentleg land, fortel Aya.
Ofte må ho forklare konflikten:
– Eg seier at Vest-Sahara har vore okkupert av Marokko i 50 år, byrjar ho.
Dersom Aya kjenner dei ho pratar med godt, kan ho gå inn på historia:
– Spania okkuperte Vest-Sahara først, og når dei trekte seg tilbake i 1975 kom både Marokko og Mauritania inn. Mauritania trekte seg ut, og så byrja Marokko okkupasjonen, fortel ho.

I juni i El Aaiun heng det marokkanske flagg i alle lyktestolpane for å feire dagen kong Mohammed VI offisielt tok over trona i Marokko. Foto: Sunniva Roligheten
FN har fordømt okkupasjonen av landområdet og Vest-Sahara ynskjer sjølvråderett.
Folka i Vest-Sahara, saharawiar, danna frigjeringsrørsla Polisario, som slost mot Marokko.
– I 1991 kom FN inn med fredsbevarande styrkar, fortel Aya.
Den fredsbevarande styrken i Vest-Sahara er den einaste i verda som ikkje har lov å rapportere om menneskerettsbrot. Målet deira var å vere i landet fram til det blei arrangert ei folkerøysting der saharawiane skal velje om dei vil høyre til Marokko eller ikkje.
– Men folkerøystinga blei aldri halden, seier Aya.
Eit land i endring
– Den største endringa er at det er mange fleire marokkanarar som har flytta hit. Om dei for eksempel har dårleg råd seier myndigheitene at dei kan dra hit, fortel Aya.
Marokkanske tilflyttarar får skattelette, og majoriteten av befolkninga i Vest-Sahara er no marokkanarar. Medan Polisario vil at berre dei som er saharawiar skal stemme i folkerøystinga, meiner Marokko at alle som bur i Vest-Sahara må få stemme.
– Marokko tener pengar på fisk og fosfor, fortel Aya.
Fosfor blir nytta for å produsere kunstgjødsel, og er svært verdifullt. Men norsk næringsliv blir frårådd av Utanriksdepartementet å operere i Vest-Sahara og EU-domstolen seier at EU ikkje kan inngå avtaler der fordi det er okkupert.
Læraren til Aya har utfordra ho på å finne løysingar på konflikten:
– Skal eg forsøke å vere nøytral er den einaste løysinga eg ser at Marokko får behalde firma og fosfor-industrien. Men om Vest-Sahara skulle bli eit eige land, må banda til Marokko bli kutta, så løysinga er urealistisk, meiner ho.

SUMARFERIE: Kvar sumar reiser framilien til Aya til huset deira i okkuperte El Aaiún. Foto: Sunniva Roligheten
Å seie det du vil
Aya seier at den største forskjellen mellom Sandnes og El Aaiún, byen vi er i, handlar om fridom.
– Her ser eg at folk ikkje har fridom til å gå kor dei vil eller seie det dei vil, fortel ho.
Farmora til Aya blei fengsla på 70-talet då ho uttrykte meininga si om okkupasjonen til Marokko.
– Faren min har også blitt fengsla av Marokko, fortel ho.
Amnesty International rapporterer at aktivistar framleis blir fengsla for å arbeide for frigjering og torturkomiteen i FN reagerer på korleis politiske fangar blir behandla.
– Folk tør ikkje å seie meiningane sine og ein kan ikkje demonstrere, fortel ho.
Aya ser likevel spor av aktivisme:
– Folk målar og teiknar Vest-Sahara-flagget på veggar.
Aktivisme kan også få økonomiske konsekvensar. Aya fortel at dei som demonstrerer for eksempel, kan miste jobben sin.
– Då eg var liten trudde eg det var frykta for å bli slått som stoppa dei, men dei ynskjer å sikre familien og framtida økonomisk, fortel ho.

Marokkanarar skriv Laayoune og saharawiar skriv El Aaiún. Sidan 1975 har byen vore okkupert av Marokko. Foto: Sunniva Roligheten.
Aktivist-arven
Aya har ei venninne i Vest-Sahara:
– Ho tør ikkje å seie det ho meiner høgt, men ho skriv det på sosiale medium.
Dei har begge flagget til Vest-Sahara i bioen sin, og det fører til at dei mottek hatefulle meldingar:
– Folk kallar meg hore eller seier at eg er landlaus, fortel Aya.
Veslebroren til Aya har også opplevd at framande har trua han på Snapchat fordi han har flagget til Vest-Sahara i bioen sin.

TRADISJONELL DRAKT: Aya er kledd i ein tradisjonell melhfa frå Vest-Sahara. Både ho og broren får stygge meldingar av framande fordi dei har det saharawiske flagget på Snapchat. Foto: Sunniva Roligheten
Eit rikt ørkenland
Eitt av tema Aya gjerne pratar om er korleis Marokko utnyttar ressursane i Vest-Sahara:
– Vest-Sahara er kjent for å vere rikt på fisk, fosfat, olje og gass, fortel ho.
Utanriksdepartementet rår norsk næringsliv til å ikkje operere i Vest-Sahara. Likevel kjem det jamleg fram at norske selskap ikkje følger rådet.
– Det var ei sak med selskapet Yara som tidlegare importerte fosfat frå Vest-Sahara, fortel ho.
Det var i 2005 at det blei avslørt at Yara ikkje følgde råda frå Utanriksdepartementet. Etterpå sa selskapet at dei skulle unngå handel.
– Det er på ein måte tjuveri, for selskapa har ingen godkjenning frå folket i landet, seier Aya.

VERDAS LENGSTE SAMLEBAND: På dette samlebandet frå gruveområdet Bou Craa blir fosfor frakta til hamneområdet i El Aaiún. Foto: Sunniva Roligheten
Rederiforbundet forsvarar selskapa
Då det norske selskapet Green Shipping blei kritisert for å frakte fisk frå Vest-Sahara til Russland i 2024 tok leiaren i interesseorganisasjonen til reiarlaga, Knut Arild Hareide, selskapet i forsvar. Til Dagbladet sa han at Rederiforbundet ikkje lenger anbefalte sine medlemar å følge dei «diffuse» oppmodingane frå Utanriksdepartementet. Svaret står i kontrast til måten Hareide uttala seg om Vest-Sahara på Stortinget i 2019, då han var politikar. Då var han glad for dei «tydelege føringane» utanriksministeren gav om Vest-Sahara.
Framtida har stilt Hareide spørsmål om kvifor han har endra oppfatning om føringane frå UD, kva som er særnorskt, samt om han ser på det som problematisk at norske reiarlag opererer i Vest-Sahara i lys av menneskerettssituasjonen. Hareide svarar ikkje på dei konkrete spørsmåla, men skriv i ein generell kommentar at:
– I heile mi tid i Rederiforbundet har vi lagt til grunn eit prinsipielt standpunkt om å rådgi våre medlemar på bakgrunn av gjeldande juridisk bindande lover og reglar. Etter vårt syn er det gjennom etterleving av blant anna sanksjonsregelverket, openheitslova og andre relevante krav at næringslivet best ivaretar sine forpliktingar knytte til menneskerettar, folkerett og sikkerheit.
I kommentaren svarar han også på kva Rederiforbundet gjer for å unngå brot på folkeretten:
– Eg vil vise til kva utanriksminister Anniken Huitfeldt sa i 2022: «Det føreligg ikkje noko rettsleg bindande forbod mot eksport og næringsverksemd retta mot Vest-Sahara, og heller ikkje FN-sanksjonar eller restriktive tiltak frå EUs side som inneber eksportrestriksjonar eller andre former for restriksjonar knytt til næringsverksemd.
Uttalen Hareide viser til eit svar på eit skriftleg spørsmål frå SV-politikar Freddy André Øvstegård om kva utanriksministeren meiner om brot på Noregs offisielle fråråding. I det same svaret understrekar Huitfeldt at norske styresmakter har ei klar oppmoding til private aktørar om å utvise forsiktigheit og samfunnsansvar når dei vurderer engasjementet sitt i Vest-Sahara, samt ei generell fråråding mot handel og ressursutnytting som ikkje er i samsvar med saharawianes interesser.

Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide er no administrerande direktør i Norges Rederiforbund. Foto: Kilian Munch/Norges Rederiforbund
Ei sak få står opp for
Domstolen i EU har gjort det klart at EU ikkje kan inngå avtalar med Marokko når det gjeld Vest-Sahara. Men sjølv om FN, EU og Utanriksdepartementet er einige om ein ikkje skal operere i Vest-Sahara blir det jamleg avslørt at norske selskap ikkje følger rådet:
– Eg skulle ynskje norske myndigheiter hadde sterkare krav, at det var straffer for selskapa som bryt dette, meiner Aya.
Aya meiner det gjer Hareide lite truverdig når han har skifta standpunkt i Vest-Sahara-saka sidan han var politikar i KrF.
– Frå mitt standpunkt handlar det om pengar. Ein ser at ein kan tene mykje pengar på noko, og så forsvinn orda.
Ho er lei seg for at nordmenn brukar makta si til å svekke saka ho brenn for:
– Det er ikkje så mange som står opp for denne saka, så det har mykje å seie når nokon seier slike ting.






