Biskopen i Oslo møtte sin framtidige ektemann som 20-åring og gifta seg allereie året etter.

– Den aller viktigaste personen i mitt liv i 1987 vart Lars Kristian Gylver, minnast Sunniva Gylver.
Den profilerte presten skil seg litt ut frå sine kollegaar med den karekteristiske sveisen. Tidlegare i år vart 58-åringen vigsla som biskop i Oslo.
Me har bede biskopen spola tilbake nesten 40 år. Året 1987 skulle bli viktig på mange måtar, både for kjærleiken og trua.
Sunniva Gylver var berre 20 år gamal då ho møtte han som skulle bli ektemannen og far til hennar barn. Det skjedde på sankthansaftan då dei to vart ståande med eit velkomstbanner i innkomsthallen på Fornebu flyplass for å ta imot ein felles ven på tur heim frå USA.
– Det var kjærleik ved første blikk. Han fridde på tredje daten, og eg sa ja. Vi gifta oss året etter, og fekk 33 år saman før han døydde av kreft sommaren 2021, skriv Gylver i ein e-post til Framtida.no.
Travel kvardag
Sunniva Gylver hadde ein travel kvardag som 20-åring, som i dag.
– Eg fylte 20 i januar 1987, og hadde det året eit vikariat som ein slags sekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja. Eg var også spansklærar på Friundervisningen, og avlastar for ein chilensk gut med autisme – og eg trur kanskje også det var det året eg var vikarlærar i spansk på Katta. I tillegg var eg frivillig i Kirkens Bymisjon og som redaktør i Krik-nytt (medlemsbladet til KRIK – Kristen idrettskontakt).
Spansken hadde ho fått med seg mellom anna frå utveksling til Caracas i Venezuela på vidaregåande, noko som førte til at ho brukte eitt år lenger på å få studiekompetanse.
Gylver er stort sett oppvaksen i Oslo, og hadde nyleg flytt for seg sjølv i ei bitte lita hybelleilegheit på Fagerborg.
– Eg var fødd i Danmark, budde i Bergen då eg var liten, og kom til Oslo då eg var 7. Familien vår bestod den gongen av mor, far meg og to søstrer, men Gunvor, som var eitt år yngre enn meg, døydde 15 år gammal av anoreksi i 1983.
Mozell ved Monolitten
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Den hugsar eg ganske godt. Eg har bursdag 7. januar, og inviterte ein stor gjeng til skåling og polonese rundt Monolitten i Frognerparken, og deretter fest med låge skuldrer i barndomsheimen min på Nordstrand. Det var 30 minusgrader og Mozellen fraus i glaset, men stemninga var god.
Ute i verda minnast Gylver at demokratiseringsprosessen i Sovjet var i gang under Gorbatsjov. Kvinnelandslaget i fotball vann EM. 400 vart drepne i Mekka, under samanstøytar mellom pilegrimar og tryggingsstyrkar. Noreg fekk omgrepet «1 Mong» etter Mongstad-skandalen. Det var Black Monday-krakk på børsen i New York (og Oslo) og landsfaderen Einar Gerhardsen døydde.
– Kva blir du las/såg du på/lytta du til?
– Eg har alltid vore ein lesehest. På gymnaset skreiv eg særoppgåve om eteforstyrringar, og i samband med dette las eg boka «Seljesonate» av Jon Peter Rolie. Eg vart veldig fascinert, og heldt fram med å pløya forfattarskapen hans. I 1987 kom mursteinen «Mannen som ville finna kjelda i tida», full av kvantefysikk og filosofi, så ho tok sikkert det meste av året:), minnast Gylver.
På musikkfronten var det ein prestekollega som var favoritten.
– Eg høyrde nok mest på han som då var stor helt for meg, Bjørn Eidsvåg, pluss mykje latinamerikansk særleg venezuelansk salsa, merengue og pop. Bon Jovi sin Living on a Prayer og La Bamba av Los Lobos kom vel også det året.
Heilt ko-ko forelska
– Visste du kva du skulle bli i livet?
– Nei, ikkje då. Men året 1987 vart nok avgjerande. Eg jobba altså i Mellomkyrkjeleg råd (eit slags UD for Den norske kyrkja) og møtte mange flotte nasjonale og internasjonale kyrkjeleiarar, som lét meg vera med i samtalar om tru og teologi og kyrkja i samfunnet. Dessutan var eg avlastar i helsevesenet, og kollegaane mine der var svært skeptiske til religion og særleg kristendom. Eg fekk behov for å læra meir om trua mi og lyst til å læra meir teologi, og starta på årseininga i kristendom på MF året etter.
Dei sterkaste minna var likevel dei første stemnemøta med Lars Kristian.
– Eg var heilt ko-ko forelska. Og helga me fekk saman på eit falleferdig pensjonat i Bardufoss. Han drog i militæret tre veker etter at me trefte kvarandre, og eg tok ei helg oppe hos han. Veldig romantisk helg, og sjølvsagt også full av krangel og krise, sånn det gjerne blir når ein har store forventningar og nesten inga tid og søv lite.
Kronisk eksamensangst
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Eg har alltid vore god på å vera til stades der eg er – det var eg nok også i 1987. Eg er heldig og har også etter dei største kampane i tenåra hatt eit lyst sinn og generelt vore glad i livet. Dessutan har trua mi vore eit fundament og eit kompass. Som nyforelska og nyforlova hausten 1987, hadde eg nok ein ganske bra haust, sjølv om eg nok sakna han som var i militæret i nord.
Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring håpar ho at ho hadde tenkt at ho var ein veldig levande, positiv og samfunnsengasjert ung vaksen – og veldig forelska.
– Kva var di største frykt?
– At eg skulle mista fleire av dei eg elska. At miljøkrisa skulle eskalera. At den urettferdig økonomiske verdsordenen skulle halda fram. Og eksamen. Eg hadde kronisk eksamensangst frå eg var i barneskulen.
Guds hender
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Gjer ditt beste, legg alt i Guds hender, og sørg for dans og song midt i alvoret.