«Vi er stolte av det tydelege og sterke bandet LO har til venstresida»
Det er Arbeidarpartiet og resten av venstresidas politikk som gjer at det er naturleg at LO støttar oss i denne valkampen, skriv Tobias Schultz Vikholt og Sunniva Ludvigsen frå AUF i Innlandet som motsvar til Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det å kunne organisere seg i fagforeiningar er grunnsteinen i det norske arbeidslivet. Difor er vi stolte over å høyre til i eit parti som står opp for arbeidsfolk, og som har eit tydeleg samarbeid med LO.
Ikkje overraskande
Faktum er at det finst to sider i norsk politikk. Ei som prioriterer arbeidstakarane, og ei som gong på gong angrip retten til eit trygt og sikkert arbeidsliv. Difor er det ikkje overraskande at LO vel å støtte Arbeidarpartiet og resten av venstresida i valkampår.
Vi har ei krystallklar høgreside som går til val på løfte som strid imot LOs politikk, og ikkje representerer oss vanlege arbeidsfolk.
Partia KrF, Venstre, Høgre og FrP går til val på å danne regjering saman. Venstre vil ha søndagsopne butikkar, Høgre vinglar i spørsmålet om sjukelønn og FrP vil gjere det vanskelegare å organisere seg i fagforeiningar.
KrF hevdar å stå for familieverdiar og fellesskap, men stiller seg likevel bak ein politikk som svekkjer rettane til arbeidsfolk og holar ut velferdsstaten. Verdiar som nettopp er avgjerande for å sikre tryggleik for vanlege familiar.
Dette sender eit kraftig signal til LO om at høgresida ikkje står for dei verdiane og den politikken LOs éin million medlemmar kjempar for.
Åtak på trygt arbeidsliv
Medan høgresida går til åtak på eit trygt og organisert arbeidsliv, er vi glade for at ei samla venstreside står saman for arbeidarane.
For det er nettopp under denne regjeringa at det har vorte enklare å organisere seg, fleire har fått heile, faste stillingar, og endå fleire har kome seg ut i arbeidslivet. Dette er viktige gjennomslag for både Arbeidarpartiet, venstresida og LO. Det understrekar at LO ikkje støttar Arbeidarpartiet fordi det er «tradisjon», men fordi LO og Arbeidarpartiet saman formar politikk som gagnar arbeidsfolk flest.
Sett opp mot ei høgreside som ynskjer eit LO som sluttar å utfordre høgresidas arbeidslivspolitikk.
Naturleg støtte
Eit anna punkt LO og venstresida kjempar for, er eit samfunn der alle har like moglegheiter.
For oss handlar det om å verne dei grunnleggjande rettane vi har her i Noreg. Retten til å kome inn på bustadmarknaden, høve til å ta utdanning uavhengig av økonomi, og skape eit trygt arbeidsliv for alle. Samarbeidet mellom fagrørsla og Arbeidarpartiet gjer at vi kan levere desse tenestene, både til dei som treng det mest, og til oss heilt vanlege folk.
Vi er stolte av det tydelege og sterke bandet LO har til venstresida. Saman har vi sørga for at fleire har kome i arbeid, fleire har fått heile, faste stillingar, og det har vorte enklare å bli med i ei fagforeining. Dette er tiltak som betyr noko for oss vanlege arbeidsfolk i Noreg.
Det er Arbeidarpartiet og resten av venstresidas politikk som gjer at det er naturleg at LO støttar oss i denne valkampen.