Sander (22) er børsemakar: – Ein ørliten feil kan bli katastrofal

Børsemakar Sander Stana (22) jobbar med våpendelar som er så små at sjølv mikroskopiske ujamnheiter kan påverke presisjonen. Eit avvik på storleik med eit hårstrå utgjer i verste fall skilnaden på liv og død.

NPK-Heidi Molstad Andresen
Publisert

– Om storleiken i kammeret på løpet er for stort, blir det høgare trykk i våpenet. Det kan i verste fall føra til at hylsa eksploderer inni kammeret medan du fyrer av eit skot. Dei minste toleransane eg jobbar med er på hundredelar, så det er utruleg viktig å vera nøyaktig, ja.

 

Millimeterpresisjon

Sander Stana står bøygd over ein dreiebenk med eit skuvelêr og måler diameteren på eit sylinderforma stålrøyr. Saman med eit kammer skal løpet etter kvart utgjere pipa på ei rifle.

Millimeterpresisjonen er ein del av kvardagen til ein børsemakar. Her, i verkstaden i kjellaren på huset hans på Skjerpestunet på Voss, både reparerer, byggjer og sel Sander våpen.

Det har han gjort sidan han tok sveineprøva som børsemakar på Gauldal videregående skole på Støren i Trøndelag i 2021. I tillegg har han gått Brønnteknikk VG2. Det gjer at Sander kan ta på seg sporadiske jobbar på anlegg og verft som mekanikar, flaggmann og riggar når det er stille i verkstaden.

Likevel var han berre 20 år då han overtok den fullt utstyrte verkstaden til faren og starta for seg sjølv. Også senior er børsemakar:

– Eg er oppvaksen med våpen og med å vera på jakt. Då eg vart eldre fekk eg større interesse for sjølve handverket og lov til å prøve meg i verkstaden. Etter kvart fann eg ut at det var dette eg ville halde på med på fulltid.

Filer verktøyet først

På arbeidsbenken like ved ligg ei hagle frå 1960-70-talet i bitar. Ho er eitt av mange eldre våpen som har så smale skrutrekkarspor at Sander må file til verktøyet før han kan starte demonteringa.

Ein erfaren børsemakar ser med ein gong om nokon har brukt feil skrutrekkar. Det lagar merker i skruane og minskar verdien på våpenet. På dei finaste våpena blir difor også skruane handlaga, slik at dei er i plan med resten av metallet.

No skal Sander mellom anna pusse ned og polere opp att løpet på den gamle hagla, erstatte eit knekt tennstempel og reingjere det vakre nettskjeringsmønsteret i kolben.

Før han seier seg ferdig, må alt skine og alle delar vera frie for rust. Sistnemnde er ein gjengangar i fleire ulike delar på våpen.

– Generelt er det viktig at våpenløpet blir halde ved like og pussa kvar gong ein har skote, slik at det ikkje rustar. Difor bør ein heller ikkje la lyddemparen bli ståande på for lenge. Rust kan gå utover sjølve presisjonen på våpenet, forklarar Sander.

Sjølv ein liten rustflekk inne i løpet kan gjere ei børse upåliteleg, fortel han. Utfordringa er at ein aldri veit når .

– Kanskje fyrar du av fire skot som går beint fram, medan det femte går ukontrollert ut til sida. Då bør det jo helst ikkje stå nokon i nærleiken.

Dyrt ekstrautstyr

Dreiebenk, fres, slipemaskin og boremaskin – verkstaden er full av spesialmaskiner og verktøy i alle storleikar. Samla har Sander utstyr for to-tre millionar kroner. Det kan han som sagt takke faren for. Om ein startar med tomt lokale kan kostnaden ved å byggje opp ein verkstad fort bli heftig.

– Ein treng sjølvsagt ikkje så mykje utstyr med ei gong, men dreiebenk og fres er essensielt. Du kjem nok ikkje under millionen om du skal ha det mest naudsynte, meiner Sander.

Ein arbeidsdag i verkstaden er sjeldan lik den andre. I tillegg til vedlikehald av brukte løp på hagler og rifler, monterer Sander både fabrikkløp og løp han har dreia sjølv.

Hagleløpa er glatte innvendige, medan rifleløpa har eit spiralspor som gjer at kula spinn rundt og får større fart. Sjølv ørsmå ujamnheiter i riflinga kan påverke presisjonen. Eit høgkvalitetsgevær har løp med spegelblanke innsideoverflater for å redusere friksjon og sikre stabil kulebane.

Mange bestillingar handlar om å tilpassa eller byggje om nye fabrikkvåpen. Fleire kundar treng til dømes å få kappa av eller forlenge kolben, slik at han høver akkurat til deira armlengd. Nokre vil ha justert høgda på kolben. Ein stor del av kundane vil også ha lyddemparar og nye sikte.

Mykje ekstrautstyr kan i det heile fort gjere jakt til ein dyr hobby. Det er god butikk for Sander. Han sel det meste av det kundane spør etter:

– Eit standard fabrikkvåpen kostar mellom 15 og 20.000 kroner. Ein kikkert kan koste like mykje. Legg ein på meir tilleggsutstyr, kan eit pimpa fabrikkvåpen fort ende opp mot 80.000 kroner.

Mange våpendelar har vinklar eller bogar ein ikkje kan lage med maskiner. Då må Sander fram med fila og bruke hendene. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Kreativitet og kunnskap

Noko av det kjekkaste Sander veit, er å byggje eit heilt nytt våpen frå botnen ut frå ynskja til kunden. Då startar han med ei låskasse og lagar og designar alt frå treverk og nettskjering i kolben til val av finmekanikk.

For å få den blåsvarte overflata på stålet han ofte brukar, har Sander til dømes eit eige rom der han varmar opp metallet til 140 grader og behandlar det kjemisk. Då er temperaturkontroll kritisk. Sjølv ein liten feil kan føre til at metallet blir sprøtt eller får flekkar.

All tida eit slikt nybygd våpen krev, blir naturleg nok reflektert i prisen. Ei langhaldsrifle han laga, enda til dømes på over 100.000 kroner.

– Også på eldre våpen må eg ofte gjere ting eg ikkje har gjort før, og som det ikkje berre er å spørja nokon om. Det er vanskeleg å få tak i delar til våpen laga før 2000, så eg må lage mykje sjølv. Mange delar har vinklar eller bogar ein heller ikkje kan lage med maskiner.

Då må Sander fram med fila att og bruke både hovudet og hendene.

– Det er veldig kjekt å kunne bruke både kreativitet og praktisk kunnskap. Det er denne kombinasjonen som gjer at eg likar jobben så godt.