Sunniva (19) vann nynorskkonkurranse med kritisk tekst om nynorsk

19-åringen var litt redd for å trakka nokon på tærne, men meiner det er viktig å ytra seg sjølv om andre kan vera ueinig.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me lever i eit veldig woke samfunn der det ikkje er lov å seia det ein tenkjer på om det kan trakka nokon på tærne, men me lever jo i eit land med ytringsfridom, seier Sunniva Flornes Heen på telefon til Framtida.no.

19-åringen frå Fredrikstad går siste året på helseteknikk og veit at ho kjem opp i både sidemål og hovudmål skriftleg. Difor nytta ho påskeferien til å svara på Framtida.no og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse «Språket mitt».

– Sjølvstendig og kritisk

Ho svarte på oppgåva om sitt forhold til nynorsk, der ho argumenterer for valfritt sidemål og stiller spørsmål ved NRK sitt krav om 25 prosent nynorsk.

«Vinnarbidraget vitnar om ein skribent som tenkjer sjølvstendig og kritisk. Teksta er velskrive og engasjerande med faktabasert argumentasjon, levert med snert. Resultatet vert ein leseverdig tekst som opnar for nye perspektiv,» skriv juryen i grunngjevinga si.

19-åringen hadde ingen forventningar om å vinna.

– Først og fremst var det ein god grunn til å øva på nynorsk, fordi det er noko eg synest er ganske vanskeleg, forklarar Sunniva Flornes Heen på telefon til Framtida.no.

Nynorsktips

Heen fortel at ho vart litt meir positiv til nynorsk i arbeidet med teksta.

– Sjølv om eg argumenterer mot at ein burde læra nynorsk på skulen, så synest eg det har ein eigen sjarm, medgjev ho.

19-åringen synest grammatikken er vanskeleg, men opplever at ho no er litt mindre avhengig av ordbok enn ho var i starten.

Hennar tips for å bli betre er å øva, og laga seg ei oversikt over vanskelege ord. I tillegg har ho nytta seg av KI for å språkvaska teksta si.

Kritisk til sidemål

Ho fortel at ho lærte mykje i arbeidet med teksta.

– Det var mykje eg ikkje visste, om språkdebatten og at NRK har ei eiga kvote dei må fylle, seier Heen.

Ho er kritisk til at elevar i bokmålsområde må læra å skriva nynorsk, men positiv til at ein skal lesa det.

– Det handlar litt om at me byrjar så seint med å skriva nynorsk på skulen at ein får ikkje den same øvinga undervegs, forklarar 19-åringen.

Sunniva Flornes Heen. | Foto: Privat

Ho er sjølv blant dei mange elevane som gjer det litt dårlegare i sidemål enn hovudmål, og synest synd på elevar som til dømes vil inn på medisin og ser sidemålskarakteren øydeleggja ei rekkje med seksarar.

– Eg var litt redd

– Var du litt redd for å trakka nokon på tærne?

– Ja, eg var litt redd. Eg følte eg var ganske sakleg, men eg måtte kome med litt personlege meiningar og argumentera for det, seier Heen.

Ho synest ikkje det at folk er ueinige i meininga di er ein god grunn til å ikkje ytra seg om ei sak, dersom ein vil det.

– Det å seia det ein meiner kan jo få nokon andre til å tenkja og kanskje nokon finn ut at dei meiner noko av det same, men kanskje ikkje har tenkt på det på den måten. Eg synest ein burde prøva. Kva er det verste som kan skje?, spør ho retorisk.