Identitet

«KrF har offisielt mista nestekjærleiken»

I ei tid der det blir farlegare å vere skeiv, og rettar strippast i land etter land, importerer KrF den same politikken til Noreg, skriv Iver Aarebrot i AUF.

Iver Aarebrot (17)
Skule, arbeid og bustad-ansvarleg i AUF Møre og Romsdal
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert i Sunnmørsposten, og er gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Skeive sine rettigheiter trugast verda over. Ungarn har vedtatt grunnlovsendringar som fastslår at det berre er to kjønn, Pride skal bli forbode og deltakarar på skeive arrangement kan bli overvaka med ansiktsgjenkjenning. Dette bryt grunnleggande menneskerettar.

I ei tid der det blir farlegare å vere skeiv, og rettar strippast i land etter land, importerer KrF den same politikken til Noreg.

Eg kjenner at eg blir trist når KrF no vedtar ei endring i flagglova som i praksis forbyr Pride-flagget i norske skular. Dette er kulturkrig. Ein kulturkrig som går på kostnad av nokon av dei svakaste i samfunnet.

– Forbanna

David Hansen, som er KrFs førstekandidat i Østfold, sa det so fint «Dette er Victor Orban-politikk»

Når Constance Borge i KrFU bruker argumentet om at det berre er inkluderande flagg som skal heisast i skulegarden då blir eg forbanna.

Pride flagget står for fellesskap og fridom og når det mest brukte skjellsordet i norske skulegardar er «Homo» da trenger vi meir openheit og aksept ikkje mindre.

I AUF trur vi på ein skule som er for alle – uavhengig av kven du er, kor du kjem frå, og kven du elskar.

Når eit barn ser regnbogeflagget vaiande over skulegarden sin, ser dei meir enn fargar. Dei ser eit samfunn som seier: «Du er velkommen her. Du høyrer til.»

– Nøytralitet i møte med urett er aldri nøytralt

Sosialdemokratiet bygger på tanken om at vi er sterkare saman – ikkje likare, men saman. Derfor må også det offentlege ta side mot diskriminering.

Det er derfor vi har kjempa fram et samfunn kor det offentlege ikkje skal vere nøytralt i møte med diskriminering. Nøytralitet i møte med urett er aldri nøytralt. Å vise støtte til skeive er ikkje ideologi. Det er solidaritet.

KrFs forslag sender det motsette signalet. Det er eit svik mot dei som treng fellesskapet mest.