Sophie Elise får nynorskheider
Noregs Mållag delte ut Målblomen til påverkaren framfor huset hennar måndag 28. april.

Påverkar Sophie Elise Isachsen (30) får Noregs Mållag sin Målblome for å fremja nynorsk leseglede.
– Sophie Elise er ein av dei viktigaste påverkarane i Noreg. At ho jamleg framsnakkar nynorske bøker, fører til at fleire unge oppdagar at nynorsk kan vera noko kult, ekte og relevant, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding frå Noregs Mållag.
Han delte målblomen ut framfor heimen til påverkaren måndag 28. april.
Målblomen frå Noregs Mållag går til folk som har gjort ein god innsats for nynorsken. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som får utmerkinga.
– Gjennom ei så enkel setning som «eg elskar nynorsk» normaliserte ho det mange ungdomar har lært å fnisa av eller ta avstand frå. Ho har difor gjort det enklare for unge nynorskbrukarar å vera stolte over eige språk – eller vekkja interesse hos unge bokmålsbrukarar, seier mållagsleiaren.
Sophie Elise får Målblomen for å ha ytra seg positivt om nynorsk litteratur, til dømes i Dagsrevyen før jul. Der sa ho at «nynorsk er som ein klem frå nokon som er klok og varm».
– Vi veit at kvar sjette nynorskbrukar opplever negative tilbakemeldingar på at dei skriv nynorsk. For dei under tretti år er talet kvar fjerde nynorskbrukar. Vi veit også at det er ei stor utfordring å fremja leselyst hos born og ungdom. Sophie Elise har valt å bruka marknadsmakta si til å motverka dette. Det vil vi heidra, seier Peder Lofnes Hauge.