«11 minutt i verdsrommet, 0 minutt i verkelegheita»
Medan vanlege folk bekymrar seg for matprisar, straumrekningar og flaumvarsel, svevar verdas rikaste rundt jorda og trur dei vil få applaus for å «setje pris på ho», skriv Sigrid Døving Bjerke frå AUF.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dette handlar om å setje pris på jorda, sa Katy Perry etter ho og fem andre damer hadde vore på ein tur opp i verdsrommet med Jeff Bezos’ romselskap i 11 minutt.
Mindre jordnært er det vel eigentleg nesten umogleg å bli. For samtidig som vi vaskar plasten før vi kjeldesorterer han, vel dei rikaste å dra på ein enormt forureinande tur på 11 minutt, utan tydeleg nytteverdi, men stor symbolverdi: Bezos og verdas rikaste treng ikkje forhalde seg til klimakrisa på same måte som resten.
Oligarkar og grønvasking
I USA der fleire av verdas aller rikaste er samla ser ein korleis ei utvikling med auka forskjellar i ytste grad kan ende, der dei aller rikaste får ei makt som går langt utover demokratiet. Jeff Bezos er blant fleire super-rike som har gitt millionar i støtte til Trumps valkamp og er ein del av det mange no åtvarar om at fungerer som oligarkar, med ei makt over politikken som går utover demokratiet. Dei aller rikaste blir så mektige at dei ikkje treng å forhalde seg til at dei også må ta omsyn til utfordringar som krev felles innsats, til dømes klimakrisa.
Bezos sitt selskap Blue Origin hevdar at dei også tek omsyn til miljøet med tiltak som gjenbrukbare rakettar og med å redusere avfallet, men det verkar mest av alt som grønvasking. Ressursane og utsleppa frå denne turen er framleis enorme, unødvendige og eit døme på kor lite Bezos treng å avgrense seg sjølv i møte med klimakrisa.
For klimakrisa rammar oss ikkje likt. Nokon kan enklare unngå å forhalde seg til konsekvensane enn andre.
Rike rykkjer frå
Dei siste åra har eit anna døme på dette vore korleis mellom anna spanjolar kjøper seg feriehus i Noreg, i tilfelle klimakrisa gjer det for varmt i Spania.
Det er ikkje eit alternativ for dei fleste i Spania.
På andre sida har ein historier som 60 år gamle José Antonio González som fekk hjartestans medan han sopte gater i Madrid. Han tolte ikkje varmen, men hadde heller ikkje råd til å ikkje jobbe. Det er ei dramatisk samanlikning, men realiteten òg.
Kva skjer når også vi byrjar å få forskjellar som minner om dei vi ser i andre land? I Noreg har vi sterkare fellesskap enn mange andre land – men det er ikkje sjølvsagt at det vil halde fram slik.
Nyleg kom det også ein rapport som viser at dei rikaste i Noreg stadig blir rikare og at forskjellane aukar. Det burde bekymre oss. Rapporten viste at dette skjedde mest av alt gjennom at formuane til folk auka, ikkje at ein fekk meir i lønn. Samtidig som mange av oss stressar over matprisane, går salet av luksusbilar og luksusbåtar opp. Likevel går høgresida til val på fjerne formuesskatten, eit av dei viktigaste verktøya vi har for å få til ei rettferdig omfordeling. Det er dårleg politikk for forskjellar og det er dårleg politikk for klima.
Alle må bidra
Alle må ta grep om vi skal klare å kutte utslepp og omstille samfunnet vårt for å bli meir berekraftig, sjølv om det er enklare for dei rikaste å kjøpe seg vekk frå problemet.
Klimakrisa er den største utfordringa i verda og vil endre samfunnet vårt same kva vi gjer. Spørsmålet er korleis vi lèt det skje: gjennom meir ekstremvêr og aukande uro, eller gjennom rettferdig omstilling og berekraft.
Skal vi lykkast med det veit vi at noko av det aller viktigaste er at klimapolitikken er rettferdig.
Vi må kunne stole på at alle bidreg og at vi finn løysingar der nokon ikkje kjem verre ut enn andre. Vi må bidra etter evne alle saman og dei rikaste evnar meir enn dei fleste. Høgresida fråskriv seg ansvaret for å sørgje for dette når dei mellom anna vil fjerne formuesskatten.
Ekstreme kontrastar
Katy Perry sa at ho «sette pris på jorda» etter 11 minutt i verdsrommet med Jeff Bezos. Og vi lo.
Ikkje fordi det var rørande, men fordi kontrasten vart så ekstrem: Medan vanlege folk bekymrar seg for matprisar, straumrekningar og flaumvarsel, svevar verdas rikaste rundt jorda og trur dei vil få applaus for å «setje pris på ho».
Vi treng ikkje fleire romturar for å innsjå verdien av jorda. Vi treng politikk som sørgjer for at dei som har mest, også bidreg mest. For klimakrisa blir ikkje løyst med kjendisar på romferd – men med rettferd her nede.