«Alle elevar har potensialet til å forstå og like realfag»
Vi må finne ein balanse der vi fokuserer meir på realfag utan å presse elevane, og der vi bruker praktisk læring for å gjere realfaga levande og engasjerande, skriv bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Som bioingeniørstudent har eg fått førstehands erfaring med kor viktig realfag er i dagens samfunn. Realfaga som matematikk, fysikk, kjemi og biologi er grunnleggande for mange av dei viktigaste teknologiske og medisinske framskritta vi ser rundt oss. Å forstå desse faga gir oss moglegheita til å løyse store samfunnsutfordringar som helse, klimaendringar og berekraftig teknologi.
Praktisk realfag
Men sjølv om realfaga er viktige, er det like viktig korleis vi underviser i dei.
For mange elevar kan tunge teoriar og eit sterkt fokus på karakterar skape stress og ei kjensle av utilstrekkelegheit. Dette kan i verste fall føre til at elevane mister interessa for realfag heilt.
I staden for å presse elevane, bør vi skape eit læringsmiljø der dei kan utforske og forstå realfag gjennom praktiske erfaringar.
Å lære gjennom praksis, for eksempel gjennom laboratorieøvingar, eksperiment og praktiske prosjekt, gjer at elevane kan sjå korleis teorien fungerer i verda rundt dei.
Dette gjer læringa meir engasjerande og meiningsfull. Når elevar får moglegheit til å eksperimentere og teste ut teoriar i praksis, aukar både forståinga og motivasjonen. Det er viktig at vi gir elevane rom til å gjere feil og lære av dei, i staden for å berre forvente at dei skal hugse teoriar utanåt.
Berre for dei «smarte»
Å integrere meir praktisk læring i realfagsundervisninga kan også bidra til å bryte ned stereotypiar om at realfag er vanskeleg eller berre for dei «smarte».
Alle elevar har potensialet til å forstå og like realfag om dei blir introdusert for det på ein måte som vekkjer interessa og nysgjerrigheita deira.
Ved å fokusere på praktisk læring kan vi vise elevane at realfag er relevante for kvardagen deira og for problema dei ser rundt seg.
Som bioingeniørstudent veit eg kor viktig ein solid realfagsbakgrunn er, men eg veit også at vegen dit må vere givande og inspirerande, ikkje full av press og stress.
Læring for livet
Vi treng også eit utdanningssystem der elevane lærer for livet, ikkje berre for karakterar.
Vi må finne ein balanse der vi fokuserer meir på realfag utan å presse elevane, og der vi bruker praktisk læring for å gjere realfaga levande og engasjerande.