Søkjartala til Politihøgskolen aukar igjen
Søkjartala til politiutdanninga har auka etter ein stor nedgang dei siste åra.

Etter søknadsfristen 1. mars har det komme 3020 søkjarar til 524 studieplassar, opplyser Politihøgskolen i ei pressemelding.
Det er ein oppgang på fem prosent frå i fjor, då det var ein markant nedgang i søkjartala.
– Eg håpar dette er starten på ein positiv trend, seier rektor ved Politihøgskolen, Nina Skarpenes.
Det er flest søkjarar til politiutdanninga frå Akershus, Oslo og Vestland. Likevel er det størst auke i søkjarinteresse blant søkjarar i Finnmark, Troms, Nordland og Akershus.
256 søkjarar har det nye studietilbodet i Alta som førsteprioritet. Ifølgje Politihøgskolen kjem søkjarane hovudsakleg frå Troms og Finnmark.
● Les også: «Kriminaliteten veks – kor er tryggleiken vår?»