Mikkel (16) har tre fulle arbeidsdagar i veka
På Vest-Telemark vidaregåande håpar dei å tilby fleire yrkesfagelevar vekslingsmodellen som er ein kombinasjon av arbeid og skule.

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Det er ikkje alle 16-åringar du kunne sett til å ha fulle arbeidsdagar, skryt kollegaen til Mikkel Utistog.
Framtida.no møter 16-åringen på jobb på Høydalsmo skule i Vest-Telemark, der han jobbar med spikarpistolen i minusgrader utan hanskar. Det kaldaste han har vore ute for på jobb er -30, så dei rundt ti minusgradene ute er ikkje noko han klagar over.
Kalde dagar
– Eg likar ikkje å jobba med hanskar, fordi eg ikkje får til noko då, forklarar lærlingen.
Vest-Telemark vidaregåande skule er i gang med sitt tredje årskull med elevar under den såkalla «vekslingsmodellen».
I eit vanleg yrkesfagløp tek elevane VG1 og VG2 på vidaregåande skule, før dei gjennomfører ei læretid på om lag to år i bedrift. Gjennom vekslingsmodellen har Mikkel og medelevane tre dagar i lærebedrift og to dagar på vidaregåande skule i tre år, før det er mellom eitt og halvtanna år som fulltidslærling.
I dag har skulen fem elevar i tømrarfaget som er i gang med modellen: Éin på VG3, éin på VG2 og tre på VG1.
Skulelei
– Eg var litt lei av skulen og ville byrja å jobba, og eg er veldig nøgd med det, forklarar Mikkel Utistog.
Han fekk tips om den nye vekslingsmodellen gjennom rådgjevaren på skulen og bestefar sin.
16-åringen synest det er moro å gå rett ut i arbeid, men er ikkje sikker på at det er noko som passar for alle.
– Ein lærer fort. Du får jo halda på litt åleine. Det synest eg er morosamt, seier Utistog.
Tidleg start
Han er lærling i ei lita bedrift som heiter Å.K.B. Bygg, der han både får jobba og observera kollegaane sine i arbeid. Utistog synest det er kjekt med eit kollegium der det er lett å seia ifrå om ting, og at ein får utfordra seg på mange ulike oppgåver.
– Eg får veldig god hjelp her om det er noko eg ikkje skjønar, skryt lærlingen.
Vanlegvis startar arbeidsdagen klokka 7.00 og er ferdig klokka 15. Utistog synest vekslinga mellom to korte skuledagar og tre arbeidsdagar i veka er midt i blinken.
– Du rekk ikkje å bli lei av skulen, så går dagane på arbeid veldig fort.
Aukar i løn
Under ei normal læretid på to år startar lærlingen med 30 prosent av startløna til ein fagarbeidar. Dette aukar kvart halvår til 80 prosent siste halvåret.
I løpet av dei to åra ei normal læretid varar får lærlingen 50 prosent av startløna til ein fagarbeidar.
Sidan Mikkel startar med mindre erfaring enn ein vanleg lærling starta han med ei lågare løn enn vanleg lærlingløn. I sitt andre halvår som lærling har han ei løn på 75 000 kroner.
– Men det er ikkje det viktigaste for meg. Dei andre går jo på skule, og eg tener pengar på det, seier Utistog, som trivst godt med å læra nye ting samstundes som han tener pengar.
Ikkje for alle
Fleire forsøk med vekslingsmodellen vart evaluert av Fafo og NIFU i perioden 2013 til 2018. Sluttrapporten slår fast at modellen gjev god motivasjon og godt læringsutbytte for elevane som har delteke. Både elevar, bedrifter og skulane er positive, men opplegget er ressurskrevjande med tanke på oppfølging.
Avdelingsleiar for yrkesfag ved Vest-Telemark vidaregåande skule, Lars Ramdal Kleve, fortel om gode erfaringar så langt.
– Me har elevar som er motiverte for det, og det er litt av poenget. Me snakkar med elevane godt i forkant slik at dei veit kva løp dei går inn på. Mi erfaring er at dei som er inne i løpet trivst, seier Kleve på telefon til Framtida.no.
Han fortel at løpet passar både for elevar som er litt skuleleie og har lyst på meir praktisk arbeid, men òg dei som har bestemt seg for kva dei vil bli og ynskjer å ta utdanninga si nærare heimen. Med ein lærestad som har kortare reiseveg, kan dei sleppe unna med to dagar med pendling til skulen.
– For desse elevane er alternativet å flytte på hybel. Me ønskjer å tilby elevar i vår region breiast mogleg tilbod, seier avdelingsleiaren.
Mange ulike modellar
Utdanningsdirektoratet har ikkje oversikt over kor mange elevar som gjennomfører yrkesfag gjennom vekslingsmodellen, og viser til rapporten frå 2019.
Framtida.no har difor kontakta alle fylkeskommunane for å få ei oversikt over kor mange elevar som tek yrkesfag gjennom eit slikt alternativt løp.
Dei ulike fylkeskommunane har stor variasjon i korleis dei organiserer yrkesfagleg opplæring i bedrift gjennom heile vidaregåandeløpet.
Vestland har ingen lærlingar i vekslingsmodellen, etter at siste kullet var ferdig i 2024.
I Telemark tek 211 elevar full opplæring i bedrift (FOB). Over halvparten av desse er vaksne og snittalderen på elevane er 25 år. Majoriteten går på bygg- og anleggsteknikk, følgt av elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, sal, service og reiseliv og ei rekkje andre yrkesfag. I tillegg tek 116 elevar FOB1, som er full opplæring i bedrift etter VG1.
I Troms tek 34 elevar helsearbeidar- og barne- og ungdomsarbeidarfag gjennom vekslingsmodellen, medan Vestfold har sju elevar som tek helsefagarbeidar.
I Østfold har dei 85 elevar i ein såkalla YSK-modell, der alle får både studiekompetanse og fagbrev innan sal, service og reiseliv.
Vil utvida tilbodet
Ramdal Kleve ved Vest-Telemark vidaregåande skule fortel at skulen jobbar med å utvida porteføljen, og har elevar som er interesserte i å ta skogdrift og sal og service gjennom vekslingsmodellen.
Han understrekar at vekslingsmodellen passar som eit supplement til den vanlege yrkesfagmodellen, ikkje ei erstatning.
– Det krev ein del av opplæringsbedrifta og det krev ein del av oss som skule. Me kan ikkje berre seia at skulen tek fellesfaga og bedrifta tek seg av programfaga. Me har ein eigen lærar sett av til dette og dei treng den oppfølginga og kontakten me som skule kan gi, slår avdelingsleiaren fast.