Fleire studentar brukar KI: – Som å køyre bil utan lappen
Fire av fem studentar brukar KI aktivt. Dei som aldri bruker KI, brukar meir tid på studia enn dei som brukar det ofte, viser Studiebarometeret frå Nokut

81 prosent av studentane bruker kunstig intelligens (KI) i studiearbeidet sitt, men berre éin av tre har fått opplæring. Det viser resultat frå Studiebarometeret for 2024.
KI-bruken har auka kraftig det siste året, frå 61 prosent i 2023. Studentar innan økonomiske og administrative fag bruker KI mest, medan dei på humanistiske og estetiske fag bruker det minst.
26.000 studentar har svart på undersøkinga som Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) har gjort for Kunnskapsdepartementet.
Bruker mindre tid på studia
Heiltidsstudentar bruker i snitt 32,5 timar i veka på studium. Det er den lågaste tida målt av Studiebarometeret på dei ti åra undersøkinga har vore gjennomført.
På det meste, i 2016, brukte studentane i snitt 35,5 timar på studia.
Nokut meiner nedgangen i tidsbruk tidlegare har vore fordi studentane har jobba meir ved sida av, men no er det KI-bruken som gjer at dei får meir fritid.
– Som å køyre bil utan lappen
Kaja Ingdal Hovdenak, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO), meiner resultata frå Studiebarometeret er alvorlege.
– Å bruke KI utan tilstrekkeleg opplæring er som å køyre bil utan lappen, rett og slett uforsvarleg. Her må både utdanningsinstitusjonane og regjeringa på banen og ta behovet for opplæring i KI-verktøy på alvor, seier ho.
NSO-leiaren meiner det er ansvaret til utdanningsinstitusjonane å sørgje for at studentane lærer seg å bruke den populære teknologien.
– At nokre studentar får opplæring og blir oppmuntra til å bruke KI medan andre ikkje får det blir opplevd som urettferdig og skeivt, seier Ingdal Hovdenak
KI-studentane sparer tid
Undersøkinga tyder på at studentar som aldri bruker kunstig intelligens, bruker meir tid på studia enn dei meir KI-ivrige medstudentane sine.
Studentane bruker KI mest til å få forklart pensum, stavekontroll, oppsummeringar og til å diskutere fagstoff. Samtidig oppgir berre 30 prosent av studentane å ha fått opplæring i KI-verktøy.
– Studentane er allereie ivrige KI-brukarar. Brukt rett er dette positive nyheiter, men vi ser også at studentane saknar opplæring i korleis bruke dei nye verktøya rett, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Aasland fortel at dei no skal setje ned eit utval som skal gi råd om KI i høgare utdanning.
Stort sett fornøgde med studiekvaliteten
Vidare viser undersøkinga at studentane er like fornøgde, eller litt meir fornøgde samanlikna med i 2023. Studentane innan religion, arkeologi og fysikk er mest fornøgde, medan grunnskulelærar-, lektor- og odontologistudentane er minst fornøgde.
Matematikk og statistikk aukar mest på kvalitet frå året før.
– Det er positivt at studentane i stor grad svarer at dei er fornøgde med kvaliteten på studieprogrammet sitt, sjølv om det er ein del variasjonar mellom studiestader og utdanningstypar, seier Nokut-direktør Kristin Vinje.