Desse orda slår me oftast opp
Dette er dei ti orda som oftast blei søkte på i Nynorskordboka i fjor.
– Denne lista over stort sett sterke verb er rimeleg lik frå år til år, og først og fremst fortel det mykje om at mange brukar Bokmålsordboka og Nynorskordboka når dei skriv, for å vere sikre på å få bøyingane rett.
Det forklarar Margunn Rauset, leiar for ordbokmiljøet ved UiB, i ein e-post.
Framtida.no har teke kontakt for å få ei oversikt over dei ti mest søkte orda i Nynorskordboka i 2024. Lista er som følgjer:
- skrive
- bli
- komme
- vere
- gå
- få
- finne
- bruke
- menneske
- ta
(Sjå ei fullstendig oversikt over bøyingane nedst i saka).
– Det seier noko om kva ord folk tykkjer er vanskelege, men ikkje berre i nynorsk, for i Bokmålsordboka er det skrive, være, bli, komme, gjøre, skrive, se, si, de og noen – med andre ord eit godt overlapp. Andre ordbøker kan ha ganske annleis søkjeprofil med meir innslag av t.d. nyord og framandord, som kan vere ein peikepinn på at dei i større grad blir brukte når folk treng hjelp til å forstå kva ord betyr.
Dei ti orda som oftast blei søkte på i Nynorskordboka i fjor:
Å skrive (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å skriva/å skrive | skriv | skreiv | har skrive | skriv! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
skriven + substantiv | skrive + substantiv | den/det skrivne + substantiv | skrivne + substantiv | skrivande |
Å bli (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å bli | blir | blei/vart | har blitt | bli! |
vart | har vorte |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
blitt + substantiv | blitt + substantiv | den/det blitt + substantiv | blitt + substantiv | blivande |
vorten + substantiv | vorte + substantiv | den/det vortne + substantiv | vortne + substantiv |
Å komme (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å koma/å kome | kjem | kom | har kome | kom! |
å komma/å komme | har komme |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
komen + substantiv | kome + substantiv | den/det komne + substantiv | komne + substantiv | komande |
kommen + substantiv | komme + substantiv | kommande |
Å vere (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å vera/å vere | er | var | har vore | ver! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
voren + substantiv | vore + substantiv | den/det vorne + substantiv | vorne + substantiv | verande |
Å gå (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å gå | går | gjekk | har gått | gå! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
gått + substantiv | gått + substantiv | den/det gåtte + substantiv | gåtte + substantiv | gåande |
Å få (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å få | får | fekk | har fått | få! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
fått + substantiv | fått + substantiv | den/det fåtte + substantiv | fåtte + substantiv | fåande |
Å finne (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å finna/
å finne |
finn | fann | har funne | finn! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
funnen + substantiv | funne + substantiv | den/det funne + substantiv | funne + substantiv | finnande |
Å bruke (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å brukaå bruke | brukar/bruker | brukte | har brukt | bruk! |
brukar | bruka | har bruka | bruk! bruka! bruke! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
brukt + substantiv | brukt + substantiv | den/det brukte + substantiv | brukte + substantiv | brukande |
bruka + substantiv | bruka + substantiv | den/det bruka + substantiv | bruka + substantiv |
Menneske (inkjekjønn)
eintal | fleirtal | ||
---|---|---|---|
ubunden form | bunden form | ubunden form | bunden form |
eit menneske | mennesket | menneske | menneska |
Å ta (verb)
infinitiv | presens | preteritum | presens perfektum | imperativ |
---|---|---|---|---|
å ta | tar | tok | har tatt | ta! |
tek | har teke | |||
å taka/å take | tak! |
perfektum partisipp | presens partisipp | |||
---|---|---|---|---|
hankjønn / hokjønn |
inkjekjønn | bunden form | fleirtal | |
tatt + substantiv | tatt + substantiv | den/det tatte + substantiv | tatte + substantiv | takande |
teken + substantiv | teke + substantiv | den/det tekne + substantiv | tekne + substantiv |
● Les også: Quiz: Forstår du kva våre nordiske naboar seier?