Professor: – Vi må seriøst vurdere å slutte med heimeeksamen
Har studenten skrive oppgåva sjølv, eller er det kunstig intelligens som står bak? Det spør professor Hadle Oftedal Andersen seg når han rettar heimeeksamenar.
– Vi må seriøst vurdere å slutte med heimeeksamenar. Vi kan ikkje freiste folk til å jukse, seier Andersen, som er professor og sensor i nordisk litteratur ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Høgskulen på Vestlandet, til Stavanger Aftenblad.
Han har nettopp retta 45 eksamenar – alle heimeeksamenar.
Heimeeksamen er den vanlegaste vurderingsforma i nordisk litteratur, men Andersen trur det kan bli endringar. Årsaka er tilgangen studentane har til kunstig intelligens (KI) i program som ChatGPT, som kan produsere samanhengande tekstar. KI er forboden under heimeeksamenar i nordisk litteratur, men sensorane fryktar at enkelte studentar likevel nyttar teknologien.
– ChatGPT skriv som regel runde og generelle analysar og setningar. Og det er då vi blir usikre når vi rettar. Samtidig kan vi ikkje felle ein student berre fordi vi er usikre. Då hadde jo også dei som skriv dårleg, risikert å bli tekne for juks.
Andersen meiner heimeeksamen ikkje lenger kan vere den einaste vurderingsforma.
– Vi kan ikkje berre sitje her og gjere ingenting. Problemet er at heimeeksamenar ofte er den beste vurderingsforma. Ein heimeeksamen over ei veke eller to er det næraste ein kjem arbeidslivet, seier professoren.