Her er verdas grønaste økonomi

 – Noreg bør investera meir i fornybar energi for å scora betre, heiter det i ny amerikansk rapport.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har den nest grønaste økonomien i verda, ifølgje ein ny rapport. I Global Green Economy Index som er utarbeida av den amerikanske konsulentgruppa Dual Citizen, heiter det at andre land med store fossilreservar har mykje å læra av Noreg.

Likevel er det naboen vår i aust, Sverige, som har verdas grønaste økonomi. I indeksen har Dual Citizen undersøkt det internasjonale klimaarbeidet, enøktiltak, transport, investeringar, innovasjon og kommersialisering av grøn teknologi og miljø og naturkapital som hav, landbruk og skog.

LES OGSÅ: – Det grøne skiftet er i gang

Dårlegare omdømme

Undersøkinga har òg sett på kva omdømme dei ulike landa har innanfor grøn økonomi. Her kjem Noreg på ein fjerdeplass, bak Tyskland, Danmark og Sverige.

Dei beste landa scorar betre på omdømme enn når ein ser på kva dei faktisk gjer. Her er det mindre forskjellar mellom landa.

Omdømmet til enkelte storbyar er òg studert. Her kjem Oslo på tiandeplass. København, Amsterdam og Stockholm toppar lista over grøne storbyar.

Les også: Slik skal me nå lågutsleppssamfunnet

– Treng grøne investeringar

Noreg scorar dårlegare enn både Sverige og dei andre nabolanda våre når det gjeld grøne investeringar.

– Norske leiarar kan gjera vel i å sjå desse markadsmulegheitane i framtida, heiter det i rapporten.

Landet som investerer mest i den grøne økonomien er Tyskland.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist

LES FLEIRE ARTIKLAR OM DET GRØNE SKIFTET!