Elevundersøkinga: Framleis høge mobbetal
Auken i andelen elevar som seier at dei blir mobba, har stansa. Nivået er likevel framleis høgt.
Det viser samanfatta nasjonale tal frå Elevundersøkinga 2024.
– Etter to år med ein klar auke i andelen elevar som svarer at dei blir mobba, er tala no på nivå med førre undersøking, skriv Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.
I undersøkinga oppgir 12 prosent av elevane på 7. trinn at dei har vore utsette for mobbing. På 10. trinn gjeld det same for 11 prosent, og for første klasse på vidaregåande er andelen 6 prosent.
● Les også: Rapport: Digital mobbing skaper skulefråvær
– Kan ikkje slå oss til ro
Samanlikna med i 2018 er det dessutan færre skular som har heile steg utan mobbing.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ser positivt på at mobbetala ikkje aukar ytterlegare. Likevel er ho på ingen måte fornøgd med dagens tal.
– Det er bra at andelen elevar som opplever mobbing ikkje aukar, men vi kan ikkje slå oss til ro med desse tala. Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for betre skulemiljø, og i år styrkjer vi dette arbeidet ytterlegare, seier ho i ei pressemelding.
Elevorganisasjonen: – Alvorleg
Madelen Kloster, leiaren i Elevorganisasjonen, meiner vi har ein jobb å gjere for å snu mobbetrenden.
– Det er alvorleg at vi framleis har så høge mobbetal i norsk skule. I sjuande klasse er det tre til fire elevar i kvar klasse som opplever å bli mobba, og dette er altfor mange elevar, seier ho på telefon til Framtida.no.
Elevorganisasjonen meiner at det som skal til for å skape ein betre skulekvardag for alle elevar, er å bygge eit sterkt lag rundt eleven.
– Det betyr at vi må sikre at vi har kvalifiserte lærarar i kvart klasserom, og ikkje minst må vi ha miljøarbeidarar på kvar skule og ei styrking av skulehelsetenesta, sånn at alle elevar føler seg trygge medan dei er på skulen.
Kloster peikar på at læring og trivsel heng saman, og trekker fram at Ungdata-undersøkingane viser at motivasjonen i femte klasse har gått ned.
– Det viser at den teoretiske skulen vi har i dag kanskje ikkje er for alle elevar og at vi må skape ein meir praktisk og variert skule sånn at fleire elevar føler på motivasjon og meistring i skulekvardagen sin.
Dei fleste trivst på skulen
Elevundersøkinga viser også at dei aller fleste elevane trivst på skulen. Det oppgir nærare 9 av 10 i første klasse på vidaregåande, og i overkant av 8 av 10 elevar på 7. og 10. steg.
– Det er gledeleg at så mange trivst på skulen. Vi veit at motivasjon og trivsel heng saman med lysta til å lære og kor mykje du faktisk lærer. Det er ofte slik at når du lærer, så trivst du – og viss du trivst, så lærer du betre, seier Utdanningsforbundet-direktør Morten Rosenkvist.
Elevundersøkinga vart gjennomført i november 2024. Rundt 442 000 elevar deltok i undersøkinga.