Etterlyser naudvarsel på nynorsk – igjen

– Synd at eg ikkje kunne få varsel på mitt språk, seier leiaren i Målungdommen.

Åshild Slåen
Publisert

Saka er oppdatert klokka 15 med svar frå DSB

– Det er veldig synd at det skjer igjen og igjen, seier leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Natvik.

Som dei fleste andre nordmenn fekk han klokka 12 i dag opp naudvarsel på bokmål på mobilen.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) testar varslingssystemet to gongar i året for å sikre at systemet fungerer.

Mobilvarslinga har blitt testa fire gongar så langt, og berre éin av gongane har varselet vore tilgjengeleg på nynorsk.

I juni 2023 var Noregs Mållag ute og etterspurde varsel på nynorsk. Seks månader seinare verka det som om det var på plass, med både bokmål og nynorsk varsel, noko mållagsleiar Peder Lofnes Hauge gleda seg over. Det var derimot berre bokmål å sjå i juni 2024, noko Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sa var eit bevisst val.

Teknologien er der

Det gjentok seg denne gongen.

– Det var jo eigentleg same greia. Eg sende akkurat inn tilbakemelding i skjemaet, seier Natvik til Framtida.no når vi ringer han etter naudvarselet poppa opp.

– Kva skreiv du i tilbakemeldinga?

– Eg skreiv at det var synd at eg ikkje kunne få varsel på mitt språk. Teknologien er der, og skal kunne tilpasse seg etter språket som er valt på telefonen.

Avgrensa med teikn

I ei pressemelding skriv DSB at dei denne gongen berre sende ut to meldingar, éi på norsk og éi på engelsk. Om ein berre får ei eller to meldingar avheng av mobilen og språka du har valt i innstillingane.

– I den norske meldinga testa vi denne gongen berre med tekst på ei målform: bokmål. Dette for å teste systemet slik det normalt blir brukt, skriv utgreiingsleiar Henriette Magnussen via pressevakta til Framtida.no.

Ho påpeiker at hovudhensikta med naudvarsel er å nå raskast mogleg ut til flest mogleg som oppheld seg i eit fareområde i ein akutt og alvorleg situasjon, med tydeleg informasjon på eit språk dei kan forstå, slik at dei sjølve kan setje i verk tiltak for å beskytte seg.

– Operasjonssentralar kan teknisk sett sende naudvarsel på fleire målformer, til dømes på nynorsk ved lokal eller regional bruk. Det er opp til avsendar (politiet i fredstid) å avgjere om eit varsel skal sendast på fleire målformer ved hendingar i område der det kan vere relevant. Om dette er aktuelt, blir vurdert i kvar enkelt hending, men det kjem spesielt an på om ein har relevant språkkompetanse tilgjengeleg.

Det er også eit anna praktisk omsyn med meldingane:

– Om eit varsel skal sendast ut på nynorsk, må denne teksten leggjast inn i den norske meldinga (saman med tekst på bokmål). Ved varslingsprøva i januar 2024 testa vi med tekst både på bokmål og nynorsk i den norske meldinga. Det er ei avgrensing på talet teikn per melding, som i praksis kan gjere det utfordrande å få plass til fleire språkversjonar, skriv Magnussen.

– Basert på tilbakemeldingar frå befolkninga i samband med testar og bruk av naudvarsel ser vi òg at det å ha fleire språk i ein meldingstekst kan føra til forvirring hos enkelte.

Vil berre bli hugsa

I januar 2024 fekk truleg 92 prosent av folk i Noreg test av naudvarsel på mobil. Juni 2024 låg talet mellom 90 og 95 prosent. DSB estimerer at opp mot 95 prosent av mobilane i Noreg i dag er oppdaterte nok til å ta imot naudvarsel.

Politiet har også brukt naudvarselet i forskjellige hendingar sidan systemet kom på plass i 2023.

Natvik forstår ikkje at det skal vere så mykje vanskelegare å sende ut eit ekstra varsel på nynorsk, sidan det trass alt er jamstilt med bokmål.

– Eg ønsker eigentleg berre at dei skal hugse oss.