Skjønar ikkje teknospråket
Veit du kva ein PVR er? Svarar du nei, er du i godt selskap.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heile 58 prosent kjenner i liten eller ingen grad til uttrykket PVR, som tyder ein digital videoopptakar. Det viser ei undersøking YouGov har gjort for Elkjøp. 13 prosent kjenner dårleg til uttrykket smarttelefon.
Eldre slit meir med teknospråket enn yngre. Kvinner slit meir enn menn.
41 prosent av dei spurde meiner teknologien er blitt så komplisert at det er vanskeleg å henga med i utviklinga. 45 prosent ynskjer opplæring i korleis dei kan få betre utnytting av elektroniske produkt.
Språkprofessor Finn-Erik Vinje meiner den manglande forståinga til folk av tekniske uttrykk skuldast ein klassisk kommunikasjonsbrist.
– Fagmiljø har ofte vanskar med å kommunisera utover sine eigne grenser. Journalistar og elektroforhandlarar trur nok at folk forstår meir enn dei i røyndomen gjer, seier Vinje til Newswire.no.
Han meiner språkbarrieren kan få folk til å føle seg dumme.
Faktaboks
Del personar som ikkje eller i liten grad kjenner til følgjande omgrep:
Pyrolyse (automatisk reingjering av steikeomn) 80 %
Multirom (styring av lydar og bilete i fleire rom) 79 %
PVR (digital videoopptakar) 58 %
DAB (standard for digital radio) 29 %
Smart-TV (TV som kan bruka nett-tenester) 29 %
HDMI (digitalt lydar- og bildegrensesnitt) 28 %
Induksjon (oppvarming ved hjelp av magnetisme) 26 %
App (dataprogram for smarttelefon og nettbrett) 20 %
Smarttelefon (mobiltelefon som kan bruke nett-tenester) 13 %
Kilde: YouGov / Elkjøp