«Saman kan vi snu apatien til handlekraft»
Ungdomsorganisasjonar har ei heilt spesiell evne til å sette dagsorden og bør lyttast til, meiner Sigrid Losnegård.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Denne veka kom nyheita om at SV klarte å stoppe opningsprosessen for gruvedrift på havbotnen. For at SV skulle få dette enorme gjennomslaget, måtte heile miljørørsla og vi i Natur og Ungdom presse både parti og enkeltpersonar til å engasjere seg for saka, og det fekk vi til! Det gir håp for oss unge som har kjent på kor håplaust det har verka.
I Klimabarometeret for 2024 kjem det fram korleis vi unge i dag bryr oss både om klima og miljø, men når politikarane ikkje gjer nok, blir vi både redde og apatiske. Det blir for skummelt å tenkje på, og det kjennest for mange ut som at det ikkje er nokon vits å engasjere seg. Vårt personlege forbruk er lettare å gjere noko med, men særleg store politiske prosessar om klimautslepp og naturøydelegging er vanskeleg å handtere. Det kjennest for mange håplaust. Denne enorme sigeren for klima og miljø viser endeleg at det nyttar å engasjere seg. Ikkje berre nyttar det, men det hjelper også på den apatiske og vonde følelsen mange unge i dag ber på.
Ungdomsorganisasjonar har ei heilt spesiell evne til å sette dagsorden. Vi bør lyttast til. Det er vi som skal arve dagens problemstillingar når vi ein dag blir vaksne. Men det dei vaksne gjer no, i dette tiåret, vil ha konsekvensar for alt liv på planeten i tusenvis av år framover. Om regjeringa ikkje hadde snudd i saka om gruvedrift på havbotnen no, kunne enorme og livsviktige område i djuphavet vore øydelagde og daude, før alle under 18 år kunne stemt på representantar som ville stoppe prosessen. Det hadde vore utruleg urettferdig.
Natur og Ungdom, og dei andre miljøorganisasjonane i Noreg og i verda, er årsaka til at SV stoppa gruvedrift på havbotnen denne veka. Ungdomsorganisasjonane er staden der unge folk som vil kjempe for livsgrunnlaget sitt, kan direkte påverke korleis vårt utgangspunkt blir, den dagen det er vi som blir valde inn på Stortinget.
Mange av oss er redde for vår eiga framtid. Korleis vil verda sjå ut om 20 år, dersom dei vaksne ikkje gjer alt dei kan for å kutte utslepp og redde naturen?
Heldigvis treng vi ikkje vente til vi også er vaksne for å påverke samfunnet, og stå opp for oss sjølve og generasjonane i framtida. Ein kan organisere og engasjere seg i akkurat det ungdomspartiet, eller den ungdomsorganisasjonen som passar. Saman kan vi snu apatien til handlekraft, og få dei gjennomslaga som krevst for å stoppe klima- og naturkrisa. Det er gruvedrift på havbotnen eit bevis på.