HPV-vaksine kan redde vaksne menn frå kreft
Legar oppmodar no menn til å vaksinere seg mot humant papillomavirus (HPV). Kreft forårsaka av HPV aukar blant menn. Til no i år har 88 menn fått peniskreft.
I fjor vart 220 menn diagnostiserte med kreft forårsaka av HPV-viruset, ein auke på 150 prosent over dei siste ti åra, skriv Aftenposten.
– Dette kjem av fleire partnarar, ubeskytta sex og endra seksualvanar, seier kreftlege og forskar ved Kreftregisteret, Thea E. Hetland Falkenthal.
Ho tilrår at alle over 12 år som ikkje har teke vaksinen, bør gjere det. Dette inkluderer menn som har sex med menn, single med nye partnarar, kvinner som blir behandla for celleforandringar, og alle som er på immundempande behandling.
Etter mange år som overlege i urologi ved Kreftkirurgisk avdeling ved Oslo universitetssjukehus har overlege Andreas Hopland sett kva konsekvensar kreft forårsaka av HPV kan ha. Han fortel at så langt i år er det registrert 88 pasientar med kreft i delar av penis.
– Vi har pasientar ned i 18-årsalderen med forstadium til peniskreft. Dei yngste med peniskreft er i midten av 20-åra, seier Hopland.
Han seier dei mistenkjer at årsaka til at stadig fleire unge menn får forstadium til peniskreft, er at fleire blir utsett for HPV-viruset.