300 milliardar dollar til klimafinansiering – miljøorganisasjonane er skuffa
Som å nekte å kaste ei livbøye til ein som held på å drukne, meiner Changemaker om det nye klimafinansieringsmålet.
Laurdag kveld vart partane på FNs klimatoppmøte i Aserbajdsjan samde om ein ny klimaavtale. Det melder mellom anna NRK.
Klimafinansiering har vore det store temaet på årets klimatoppmøte.
Etter å ha forhandla eit døgn på overtid, kom nyheita om at rike land skal betale 300 milliardar dollar – i overkant av 3000 milliardar kroner – årleg til fattige land.
Pengane skal gå til utsleppskutt og tilpassing til meir ekstremt vêr og andre konsekvensar av global oppvarming, skriv TV 2.
Hovudpunkta i avtalen:
- Industriland skal bidra med minst 300 milliardar dollar i året innan 2035. Dette gjeld mellom anna Noreg, USA og EU.
- Det er mål om at heile verda skal jobbe mot 1300 milliardar dollar årleg innan 2035.
- Utviklingsland blir oppmoda til å bidra til klimafinansieringa. Dette omfattar mellom anna India og Kina.
- Pengane skal kunne bli gitt som bistand, privat investering, lån eller anna.
- Det er ikkje vedtatt ei fordeling av kor mykje kvart enkelt land skal bidra med.
Kjelde: NRK
«Ein haustar som ein sår»
Leiaren i Changemaker, Marte Hansen Haugan, er skuffa over resultatet.
– Utviklingsland er dei som allereie blir råka hardast av klimaendringane, og no etterlèt dei rike landa dei til å kjempe mot flaum, tørke og skogbrannar tilnærma på eiga hand, uttalar Haugan i ei pressemelding.
Utviklingslanda hadde bede om at den tidlegare summen på 100 milliardar dollar i året, skulle bli auka til 1000 milliardar. Torsdag la ei gruppe utviklingsland, G77 pluss Kina, fram eit nytt krav om 500 milliardar i året. I eit utkast var 250 milliardar dollar på bordet, men det enda til slutt på 300 milliardar i året.
– Det heile kan samanliknast med å stå på land og nekte å kaste ei livbøye til ein du ser at held på drukne, uttalar Haugan og legg til:
– Men med klimakrisa er det slik at «ein haustar som ein sår», så konsekvensane av dette vil utvilsamt også bli negative for industrilanda.
– Rasande
Spire-leiar Elise Åsnes kallar avtalen eit svik mot det globale sør.
– Vi er rasande. Noreg og andre rike land har i dag sendt rekninga for klimakrisa til dei som allereie lever med konsekvensane av ho. Dette valet vil setje 1,5-gradarsmålet i akutt fare, uttalar Åsnes i ei pressemelding etter avtalen kom i land.
Klimarådgjevar i Kirkens Nødhjelp Matilde Angeltveit meiner rike land har prøvd å vatne ut Parisavtalen og sine eigne forpliktingar under klimasamarbeidet.
– Likevel har klimatoppmøtet no blitt einige om ei tredobling av klimafinansieringa. Skal dette ha noko truverd, må Noreg ta med seg dette heim, og tredoble eiga klimafinansiering, seier Angeltveit i ei pressemelding frå norske miljøorganisasjonar.
– Skulle ønske vi hadde kome vidare
Noregs klimaminister Tore O. Sandvik frykta at landa ikkje ville bli einige om eit mål, og er letta over at det vart ei løysing til slutt.
– Vi har no fått sett eit mål på over 3000 milliardar kroner årleg fram mot 2035. Dette vil gjere at finansieringa aukar. Noreg bidrar tungt og det skal vi framleis gjere, seier Sandvik i ei pressemelding.
På klimatoppmøtet i Baku vart landa òg samde om å halde fram å jobbe mot utsleppskutt i tråd med 1,5 gradarsmålet. Noreg leia forhandlingane om utsleppskutt saman med Sør-Afrika. Noregs klimaminister erkjenner at utfallet av forhandlingane vart svakare enn dei ønskte.
– Vi skal levere på 1,5-gradarsmålet. Vi skulle ønske vi hadde kome vidare. Men dei viktige bestemmingane om utsleppsreduksjonar frå i fjor står framleis ved lag, seier han.
Landa vart einige om reglar for samarbeid om utsleppskutt, som kan skje gjennom felles prosjekt eller handel med kvotar.
FNs klimasjef Simon Stiell skildrar årets klimatoppmøte som ei vanskeleg reise og understrekar at lovnadane dei har kome fram til, må bli haldne.
– Ingen land fekk alt dei ønske, og vi forlet Baku med eit berg av arbeid framføre oss. Så dette er ikkje tida for sigersrundar, vi må sikte oss inn på å doble innsatsen på vegen til Belém, sa han då han talte på avslutninga.
Neste års klimatoppmøte, COP30, skal vere i Belém i Brasil.