Oljefondet investerer i okkupasjon:
– Eg vil ikkje at min velstand skal komme på kostnad av andres menneskerettar
Oljefondet investerer fleire milliardar i verksemder som bidreg til okkupasjonen på Vestbreidda. Regine Røiseland og Sesina Kuflu meiner Noregs Bank burde trekke seg ut.
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
Oljefondet – eller Statens pensjonsfond utland, som det heiter på papiret – har investert over 13 milliardar dollar i selskap som er knytte til israelske busetnader i palestinske område, ifølge ein rapport som kom i fjor. Det utgjer om lag 146 milliardar kroner med dagens kurs.
Så seint som i år investerte dei i aksjar til ein verdi av 31,6 milliardar kroner i entreprenørselskapet Villar International Ltd, som profitterer på naturressursar på okkupert land.
– Dette er problematisk på tusenvis av måtar, seier Regine Røiseland (18).
Velstand bygd på apartheid
Røiseland og Sesina Kuflu (20) er med i URO, ungdomsgruppa til Plan International Norge. I haust deltok dei to i eit dialogmøte hos Noregs Bank, som styrer Oljefondet. I møtet retta dei sterk kritikk mot investeringane i selskap som bidreg til okkupasjonen på Vestbreidda.
Dei to trekker mellom anna fram at born på Vestbreidda har måtta slutte på skulen på grunn av okkupasjonen. Samstundes veks Oljefondet, som finansierer både Statsbudsjettet og pensjonen vår.
– Vi har det veldig godt her i Noreg, mykje på grunn av Oljefondet. Det gir oss velstanden vår. At dei investeringane skal bidra til apartheid, at nokre menneske ikkje får leve med vanlege menneskerettar, er veldig, veldig sjukt, seier Kuflu.
Dei totale investeringane i selskap med verksemd på Vestbreidda, utgjer om lag 30 000 kroner per nordmann.
– Eg synest Noreg har eit ansvar for å ikkje vere dobbeltmoralske. Staten har anerkjent Palestina, og fordømmer drap på sivile, men kva har det å seie når vi likevel investerer så mykje pengar i okkupasjon, og norske våpen vert brukte i Gaza? Handlingar seier meir enn ord. Det er viktig at nokon tar ansvar, seier Røiseland.
Også Utanriksdepartementet har råda norske selskap mot handel som bidreg til å oppretthalde israelsk okkupasjon av palestinske område.
Tek avstand frå tobakk
Sjølv om den viktigaste oppgåva til Noregs Bank Investment Management (NBIM) avdelinga hos Noregs Bank som har ansvar for oljefondet, er å tene pengar og sørge for at fondet veks, er det ikkje sånn at Oljefondet er fjerna frå etikken, seier Røiseland og Kuflu.
Dei påpeiker at Oljefondet har etiske retningsliner, og at dei ved andre anledningar har trekt seg ut av investeringar av etiske grunnar, eller prøvar å bruke eigardelen sin til å påverke verksemder.
Dei to påpeiker at Oljefondet har teke aktivt stilling imot selskap som driv med tobakk, barnearbeid eller våpen.
– Vi veit at det skjer menneskerettsbrot, at det som skjer på Vestbreidda er i strid med folkeretten. Kvifor gjer ikkje Oljefondet noko? Dette har vi visst i mange år, seier Kuflu.
Krass tone
Den same kritikken bringa altså Røiseland og Kuflu direkte til Noregs Bank Investment Management, med leiar Nicolai Tangen i spissen.
Også andre organisasjonar var inviterte til møtet.
Røiseland fortel at ho la fram eit kraftfullt og krast innlegg, og at ho bevisst ville unngå å moderere tonen sin. Dei fortel også at innlegget kom tidleg og var med på å sette tonen i møtet.
– I slike samanhengar er ungdom ofte berre med som pynt. Det var viktig for oss å vise at vi hadde noko viktig vi ville komme med. Eg var litt nervøs for at kritikken var for skarp, men eg fekk veldig gode tilbakemeldingar etterpå, og det var fleire organisasjonar som hengde seg på. Eg føler at vi sette tonen, fortel Røiseland.
Dei to unge frivillige synest det var ei spennande og fin moglegheit å få komme inn til Noregs Bank og sjå avgjerdstakarane i auga. Dei trekker fram at det er sjeldan unge vert inviterte til slike arenaer, og at det var Plan som sjølv valde å sende to unge i møtet. Det var tydeleg at dei var dei yngste i rommet.
Dei meiner at dei to som unge outsiderar kunne ha ei anna tilnærming til tematikken.
– Det har stor tyding at avgjerdstakarar ser kor sterke kjensler som er knytt til dette. For det er heilt forferdeleg det som skjer for palestinarar akkurat no. Det at vi får høve til å halde eit slikt vinkla innlegg, viser eit alvor i det som kanskje ikkje alltid kjem fram når ein berre snakkar om tal, seier Røiseland.
Ho håpar deira tilfelle viser andre organisasjonar at det er fullt mogleg å sende unge representantar utan at dei skal vere marionettar. Røiseland og Kuflu skreiv og presenterte sine eigne forslag sjølve.
– Eg er oppteken av at det ikkje berre må vere folk som har master- og doktorgrad og har jobba i bransjen i 10 år som er i desse møta. Ein kan også inkludere folk som ikkje kan alt, men som framleis har meiningar om temaet, seier Kuflu.
– Ansvarsfråskriving
Svaret som kom frå Noregs Bank, var dei ikkje like nøgd med. Dei opplevde banken som vel byråkratisk. Og ikkje minst ansvarsfråskrivande. Oljefondet la alt ansvaret for etiske problemstillingar i investeringane over på etikkrådet (sjå faktaboks) og Stortinget.
Røiseland og Kuflu meiner derimot at dei som jobbar direkte med investeringane må ta større ansvar for kor pengane er plasserte.
– Etikkrådet gir berre forslag og evalueringar. Det er ikkje i deira makt å ta ut investeringar, seier Kuflu.
Etikkrådet
Etikkrådet
Etikkrådet gir råd til Noregs Bank om kva verksemder ein ikkje skal investere i. Rådet er peikt ut av Finansdepartementet, som også lagar retningslinene.
I 2023 var totalt 197 selskap som produserer visse tobakk, cannabis, kull eller visse typar våpen, utelukka frå investering.
57 selskap var utelukka på grunn av åtferd som gjer grove brot på etiske normer i 2023.
Dei legg til at orda «komplisert» og «komplekst» vart gjentekne mange gonger.
– Det er ikkje det! Alt av system er system ein har sett opp sjølv. Om ein har lyst til å gjere noko, så kan ein gjere noko, seier Kuflu.
Røiseland legg til at det er gjennomgåande i politikken at ein brukar vanskelege ord, særleg i dialog med frivillige organisasjonar. Ho seier at det er lettare å snakke seg bort når ein brukar fyllord eller teoretiske omgrep.
– Eg trur også at dei snakka seg litt bort fordi dei ikkje hadde eit godt svar, og kanskje kjende seg litt trefte, trur Kuflu.
Kuflu og Røiseland håpar at Noregs Bank kjenner på eit større etisk ansvar for investeringane sine, enn kva dei har gjort tidlegare. Dei håpar også at Oljefondet vil lytte til sivilsamfunnet.
– Folket i Noreg står ganske samla. Eg ventar at Oljefondet trekker seg ut av selskap som bidreg til okkupasjon. Det er ikkje verre enn det, seier Røiseland.
Har trekt seg ut av selskap
Line Aaltvedt, kommunikasjonssjef i NBIM, påpeiker i ein e-post til Framtida at Finansdepartementet har gitt Etikkrådet ansvaret for å vurdere selskap opp mot dei etiske retningslinene til Oljefondet.
– Basert på tilrådingane til Etikkrådet har Noregs Bank utelukka fleire selskap på grunn av alvorlege krenkingar av rettane til individ i krig eller konfliktsituasjonar, skriv Aaltvedt.
Ho trekker fram at Oljefondet mellom anna har trekt seg ut av Ashtrom Group Ltd, Electra Ltd og Elco Ltd på bakgrunn av at selskapa har hatt aktivitetar knytte til israelske busetnader på Vestbreidda.
Aaltvedt viser elles til at mandatet frå Finansdepartementet seier at Oljefondet skal vere breitt investert over heile verda for å ta del i global verdiskaping og spreie risiko. Finansdepartementet har laga ein såkalla referanseindeks som legg føringar for kva for land og selskap Oljefondet skal vere investert i. Den israelske aksjemarknaden inngår i denne indeksen.
Vaktar seg for avmakt
For dei fleste er det ein lang veg opp til avgjerdstakarar som kan ha direkte påverknad på krig og konflikt. Men Røiseland og Kuflu er glade for at dei fekk høve til å sjå leiarane av Oljefondet i auga og be dei om å ta grep.
– Det er forfriskande å føle at ein seier noko, og sjå at folk med makt lyttar, seier Kuflu.
– Men eg trur noko handling må skje før eg kan føle at det eg har sagt, har hatt ein effekt. Eg trur likevel det har noko å seie at vi engasjerer oss, at vi prøver å gjere noko. Så vi kan sjå tilbake om 20–30 år og vite at ein tok stilling, at eg ikkje lèt det passere, seier ho.
Røiseland seier at det lettaste er å sitte stille i båten, men at ein då lar urett skje. Viss ingen talar imot, skjer det ingen forandring, slår ho fast.
– Eg kjenner ofte på avmakt. Men det er ei kjensle ein skal passe seg for. Er det ein ting som er farleg, så er det likegyldigheit. Ein må tenke at endring er mogleg, og minne seg sjølv på det, seier ho.
– Fint å stå samla
Røiseland og Kuflu vil oppmode andre som ser på verda rundt seg og kjenner seg frustrert over all uretten som blir gjort, om å melde seg inn i ein organisasjon eller eit politisk parti.
– Det har vore veldig givande for meg. Det er fint å stå samla om noko, seier Røiseland.
Kuflu legg til at berre det å lese nyheiter, følge med, og snakke om aktuelle tema med vener og familie, kan ha ein positiv effekt.
– Ikkje alle har lyst til å vere med i ein organisasjon, og det har eg respekt for. Men det er andre måtar ein kan bidra. Berre det å diskutere og oppmode andre om å bry seg, har mykje å seie, seier ho.