Reisebrev frå COP: – Dette skal bli stort
– Det å vite at så mange her i Baku vil kjempe same sak som oss, er sterkt og engasjerande, skriv Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) frå FNs klimatoppmøte.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Hei! Vi er Marius Moldsvor (19) og Mikkel Inchley (20) og har reist på COP29 for å representere Natur og Ungdom her. Marius representerer NUs internasjonale utval, medan Mikkel representerer sentralstyret. Vi skal skrive tre reisebrev til dykk for å fortelje frå klimakonferansen, som i år finn stad i Baku i Aserbajdsjan. Følg med på reisa vår!
På kveldstid 8. november sat vi oss på flyet mot Baku. Vi hadde drøymt om å reise landevegen, men det har myndigheitene ikkje tillate, så vi måtte ty til ein lang flytur.
På vegen fekk vi møte fleire av dei andre frå norsk sivilsamfunn og klimarørsle. Forseinka til Warszawa møter vi eit effektivt og koseleg flyplassteam som køyrer oss direkte i minibuss til neste avgang til Baku. I køen ser vi kjende europeiske forhandlarar og ekspertar frå klimarørsla på sine felt.
Kjensla av at vi er ferske byrjar kome fram.
Etter ei lang reise kjem vi fram til Baku tidleg morgon aserbajdsjansk tid. Når vi stig ut av flyplassen, kjenner vi ei sterk eksoslukt slå mot oss, samstundes som vi ser store plakatar med solceller og søppelkassar for å oppmode til resirkulering.
Det er tydeleg at landet har førebudd seg på å arrangere den store klimakonferansen med om lag 50 000 deltakarar.
Inne i Baku ser vi massive skyskraparar og ei overdådigheit vi ikkje er van med frå Noreg, men også område som ikkje er like flatterande. Petrostaten Aserbajdsjan har tydeleg brukt store pengar på imponerande arkitektur.
På veg mot det gigantiske konferansesenteret prøver vi å orientere oss fram i hovudstadens gater medan vi kjøper ein tvilsam børek, og går på ein buss som viste seg å ta ein lang omveg.
Overalt ser vi politifolk som passar på, og gater som er rydda og klare for den store hendinga. Når vi endeleg kjem til Bakus olympiske stadion, der COP skal finne stad, møter vi eit massivt anlegg med store skilt og aserbajdsjansk musikk i bakgrunnen.
Dette skal bli stort.
Tilbake i sentrum får vi ei matoppleving av det uvanlege. Vi finn ein koseleg georgisk restaurant med nydelege dumplings, lun stemning og ein sørvis av ei anna verd. Det er tydeleg at gjestfridomen står sterkare her enn i heimlandet.
Etter ein lang fyrste dag i Baku legg vi oss spente, utslitne og klare for den nye dagen.
Neste dag står vi opp i den flotte leilegheita vi har leigd, som viser seg å vere glamorøst oppe i trettande etasje. Det var ikkje det vi hadde forventa, men ein måtte ta det ein fann når så mange menneske finn vegen til «The Land of Fire» ved det Kaspiske hav.
Utover dagen drog vi på strategimøtet til Climate Action Network, som er ein av hovudorganisatorane for den internasjonale klimarørsla. Det var inspirerande og overveldande.
Møtet starta med at leiaren proklamerte det viktigaste med årets klimatoppmøte: å sikre sterk klimafinansiering frå dei rike og utvikla landa i det globale nord, til dei fattigare og sterkt klimaråka landa i det globale sør.
Ho la også vekt på at klimarørsla skal stå opp imot folkemordet i Palestina, fordi ingen saker oppstår i eit vakuum. Dette vart også gjort tydeleg då ein palestinsk klimaaktivist la vekt på at oljeleveransar frå andre land er noko som går rett inn i krigføringa i Gaza, Vestbreidda og Libanon. Han stilte også Palestina-venlege land som Sør-Afrika, Brasil og Tyrkia til ansvar, sidan dei leverer olje og kol til Israel.
Under møtet fekk vi også møtt eit sterkt sivilsamfunn som alle stod saman om å stille verdas rike nasjonar til ansvar for klimakatastrofen dei er ansvarleg for. Det å vite at så mange her i Baku vil kjempe same sak som oss, er sterkt og engasjerande.
Etter det flotte oppstartsmøtet åt vi middag med nokre av dei andre norske klimaaktivistane. Det vi hadde funne viste seg å vere ein komisk fotballpub, der vi fekk ein del blikk då vi kom inn for middag. Men stemninga var god, og då reklamen med Erling Braut Haaland kom på, om enn litt KI-redigert, lo vi godt.
Dei fyrste to dagane i Baku er snart over, og vi ventar i spenning på kva som kjem vidare.