Vil opprette eit internasjonalt Barnas klimapanel
Eit internasjonalt klimapanel der barn kan påverke politikarar er viktig for å kunne løyse klimakrisa på ein god måte, meiner miljøagent Maria Tøsse Pihlstrøm (14).
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Barn er framtida, og klimaendringar kjem i hovudsak til å ramme barn og unge. Difor meiner vi at barn og unge burde vere meir involvert i klimasaker.
Det seier nestleiar i Barnas klimapanel Maria Tøsse Pihlstrøm (14).
Eit av krava dei har til politikarane, er å opprette eit internasjonalt klimapanel for barn.
– I Noreg er vi superheldige og får lov til å vere ein del av Barnas klimapanel. Vi får lov til å seie meiningane våre til politikarar og andre innflytelesrike personar, og då tenker eg at det berre er rettferdig at vi skal klare å skape det i andre land òg, seier ho.
Barn si stemme
Barnas klimapanel i Noreg er demokratisk vald blant Miljøagentane, og vart oppretta i 2015.
2024 er tiande gongen dei har levert Barnas klima- og miljørapport.
– Det eg trur vi har fått utretta, er at vi har fått samla barn og unge i Noreg si stemme og gitt eit tydeleg signal om kva det er barn og unge vil og kor det er barn og unge vil. Og vi har dei siste åra hatt ei spørjeundersøking i rapporten. Då får ein det svart på kvitt, så og så mange barn meiner dette her, og det trur eg er kjempeviktig, seier Jakob Sande Haugset (14). Han er leiar for klimapanelet.
Jakob trur noko av det viktigaste med eit internasjonalt barnas klimapanel, er at ein får samla barn sine stemmer i eit talerøyr til politikarar.
– Då blir det mykje tydelegare, og alle politikarar over heile verda kan forhalde seg til det som står. Når vi kjem med vår rapport, handlar det om tilstanden i Noreg. Viss ein klarar å levere ein sånn rapport på verdsbasis vil det vere heilt rått!
Jakob og Maria meiner klimakrisa må løysast med internasjonal politikk.
– Det å då ha eit samla internasjonalt klimapanel der barn får påverke politikarar, ikkje berre nasjonalt, men òg internasjonalt, er veldig viktig for å kunne løyse klimakrisa på ein god måte, seier Maria.
Påverkar barn
Noko av det som motiverer Jakob mest i klimakampen, er å høyre historier av andre som har blitt råka av klimaendringar.
– I desember i fjor var vi på klimatoppmøtet, og der sat eg i ein panelsamtale med ei som heiter Naomi. Ho fortalde, eigentleg ganske hjarteskjerande, om korleis klimaendringane påverkar hennar skulegang.
Øydeleggingar som følgje av klimaendringane gjorde at ho ikkje kom seg på skulen, noko Jakob påpeikar er ein menneskerett.
– Det påverkar òg retten hennar til leik. Det er òg ein av rettane i barnekonvensjonen, så det er ganske alvorleg.
Han synest det er egoistisk at norske politikarar held fram med olje i staden for å vise solidaritet med barn som ikkje får gå på skule og leike på grunn av klimaendringar.
Barn på COP
Både Maria og Jakob var på FNs klimatoppmøte, COP28, i fjor. Dei trur det var rundt femti barn til stades der.
– Åtte av dei var frå Noreg. Så det er ganske dårleg representasjon av barn på eit så stort internasjonalt arrangement som er så relevant for barn og unge, seier Maria.
197 land og EU var partar på klimatoppmøtet, og rundt 85 000 personar deltok på arrangementet som var i Dubai.
Jakob har lagt merke til at det har skjedd ei utvikling dei siste åra, men han ønsker det skal gå enda raskare.
– Eg er såpass gamal i dette gamet, eg har vore på klimatoppmøtet kvart år sidan 2021, og det eg merkar er at det er auke i ungar. På det første klimatoppmøtet, var det nesten berre vi i Barnas klimapanel som var der av barn. På mitt andre klimatoppmøte var det enda fleire, og no på mitt tredje klimatoppmøte, var det opp mot 50 stykk, seier 14-åringen.
«Youth washing»
Barnas klimapanel er opptekne av at dei ikkje vil bli brukt til «youth washing». Omgrepet viser til at barn og unge ofte blir invitert med utan å ha reell påverknadskraft.
Maria meiner det er mange politikarar som legg ut på Facebook og Instagram at dei er med Barnas klimapanel, men at dei ikkje lyttar til dei.
– Dei må ikkje berre lytte, dei må gjere. Det er handling vi treng, skyt Jakob inn.
Internasjonale organisasjonar
Maria anerkjenner at det ikkje vil vere like lett å opprette eit demokratisk barnas klimapanel i alle land. Ho trur internasjonale organisasjonar, som Redd Barna, kan hjelpe til med å opprette eit internasjonalt klimapanel for barn.
Jakob meiner vi må få FN på bana. Men først og fremst trur han det må gjerast noko med haldninga kring barn og klima.
– For dersom ein innfører eit politisk vedtak om at alle land må ha med barn på COP, så kjem ikkje det til funke i praksis, for land kjem då til å ha med sonen eller dottera av presidenten eller noko. Det kjem ikkje til å vere ei god ordning, og det kjem ikkje til å vere demokratisk. Vi må endre haldninga, og det er mykje det vi gjer når vi er på COP. Vi snakkar med folk og deltek i forhandlingar. Vi er der og viser at dette kan barn òg gjere.
Naturleg at barn får ha ei stemme
Framtida.no har spurt klima- og miljødepartementet om dei synest det er ein god idé å opprette eit internasjonalt barnas klimapanel og om det noko dei vil arbeide med.
– Viss vi skal klare å sikre at vi overlèt ein klode det går an å bu på i framtida, meiner eg det berre er naturleg at barna i verda, som er framtida til kloden, får ha ei stemme i kva som må gjerast. Ikkje berre er dei ekstremt kunnskapsrike og godt orientert om klimasaka, men dei hjelper oss politikarar med å hugse kven klimasaka faktisk dreier seg om. Skal vi klare å nå dei globale klimamåla treng vi innspel frå alle land og aldrar, svarar statssekretær Sigrun Gjerløw Aasland (Ap).