Kva fekk du med deg i veka som gjekk?

Quiz: Nyheitsquiz veke 42
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kvar hadde politiet ein stor narkoaksjon denne veka?
Stemmer!
Til saman 21 personar er pågripne i ein av dei største politiaksjonane som har vore i Agder nokosinne, skriv NRK. Det er snakk om 19 menn og to kvinner.
Ifølgje politiet er dei pågripne del av eit stort kriminelt nettverk. Dei er sikta for grov narkotikakriminalitet.
Feil!

- Spørsmål 2 av 10
2.
Kva er årets TV-aksjon til inntekt for?
Rett svar!
Årets TV-aksjon samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. Årets kampanje er «Sammen for små helter». Pengane som blir samla inn søndag 20. oktober under TV-aksjonen skal gå til foreiningas arbeid med å bygge familiehus for barn med alvoleg sjukdom og familiane deira.
Feil svar!

- Spørsmål 3 av 10
3.
Kvar har Italia starta å sende asylsøkjarar?
Riktig!
Ifølgje nyheitsbyrået Reuters har Italia gjort ein avtale om at dei kan sende opp til 36 000 migrantar årleg til Albania. Avtalen har blitt kritisert av menneskerettsforkjemparar.
Det italienske innanriksdepartementet opplyste måndag at eit skip med migrantar hadde reist frå øya Lampedusa i Italia til Shëngjin i Nord-Albania. Det er første gong eit EU-land har sendt migrantar til leirar i eit land utanfor EU, skriv NRK.

- Spørsmål 4 av 10
4.
Artist Liam Paynes død har prega nyheitsbiletet denne veka. Kva gruppe er han kjent frå?
Det er rett.
Onsdag kveld vart det kjent at Liam Payne, kjent frå boybandet One Direction, døydde etter å ha falle frå ein balkong på eit hotell i Argentina. Artisten blei 31 år gamal.
Det er feil.

- Spørsmål 5 av 10
5.
Kamala Harris har bursdag søndag 20. oktober. Kor gamal blir presidentkandidaten?
Riktig!
Demokratane sin presidentkandidat fyller 60 år.
Her kan du ta ein quiz om Kamala Harris!

- Spørsmål 6 av 10
6.
Kven speler Donald Trump i den nye filmen «The Apprentice»?
Det er heilt rett!
Sebastian Stan er for mange kjent for rolla som Bucky Barnes/Winter Soldier i Marvel-universet, men i filmen «The Apprentice» som kom på kino denne veka, speler han ein ung Donald Trump.
Jeremy Strong og Martin Donovan er òg å finne på rollelista.
Her kan du lese kva Framtida sin meldar meiner om filmen: The Apprentice – eit slags ingenmannsland
Det er feil!

- Spørsmål 7 av 10
7.
Kva handballag er det som er truga av konkurs?
Korrekt!
Toppklubben Vipers Kristiansand har slite økonomisk, trass i at dei sportsleg har vunne det meste i fleire år. Ifølgje styret treng dei 25 millionar kroner for å kunne halde fram i europatoppen, skriv NRK.

- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva blir rive ut av butikkane?
Riktig!
Årets rosa sløyfe til inntekt for Kreftforeningen og forsking på brystkreft er svært populær, og er utseld både i nettbutikken til Kreftforeningen og dei fleste utsalsstader.
Det er smykkedesignar Cathrine Børter, kjent for merket Pearl Octopuss.y, som har designa årets rosa sløyfe.

- Spørsmål 9 av 10
9.
Kva blir forbode i den indiske hovudstaden?
Stemmer!
No blir fyrverkeri forbode i Indias hovudstad New Delhi fram til nyttår. Dette skjer rett før den tradisjonelle ljosfeiringa divali set i gang. Forbodet mot bruk og sal av fyrverkeri i New Delhi er eit tiltak mot luftforureining.

- Spørsmål 10 av 10
10.
I kva fylke har det den siste tida vore store protestar på grunn av skulenedlegging?
Rett svar!
Innlandet fylkesting har føreslått å leggje ned to vidaregåande skular og fire skulestader. Det er mange misnøgde med, og mellom anna artisten Matoma, eller Tom Stræte Lagergren som han eigentleg heiter, har engasjert seg i saka.