Nynorsken tapte i Sandnes
Bokmålet fekk 69,7 prosent av stemmene da bydelane Malmheim og Soma i Sandes måndag heldt rådgivande folkerøysting om skulemålet ved nynorskskulen Malmheim.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre 59 av dei 195 som stemte, ville halde fram med nynorsk som målform ved skulen i Julebygda nokre få kilometer vest for Sandnes sentrum, skriv Stavanger Aftenblad.
LES OGSÅ: Slutt på nynorskklasse i Stavanger
Tine Bolstad, som var ansvarleg for organiseringa av folkerøystinga i Sandnes kommune, seier til avisa at ho er overraska over det låge frammøtet.
– Like i underkant av 800 hadde røysterett, og når berre 195 nytta retten, er det trass alt berre 25 prosent av alle, slår Bolstad fast.
LES OGSÅ: Uroa for prinsessa sin nynorsk
Alle valte bokmål
Det låge frammøtet kan få noko å seie når bystyret skal ta den endelege avgjerda 28. oktober.
Bakgrunnen for skulemålsrøystinga var at alle dei 96 elevane ved skulen dette skuleåret har valt bokmål som målform.