Politikk og samfunn

«Viser dette solidaritet med verda i ei uroleg tid?»

Leiaren i Press – Redd Barna Ungdom reagerer på at regjeringa berre legg opp til 200 kvoteflyktningar i sitt forslag til statsbudsjett.

Marius Sjølyst
Leiar i Press – Redd Barna Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

«Trygghet for landet og solidaritet med verden i en urolig tid,» lyder ei av hovedsatsatsingane i regjeringas forslag til statsbudsjett. Trass i auke i bistandsbudsjettet og støtte til Palestina og Ukraina, har me tydelegvis ikkje råd til å gi vern til dei som treng det mest.

I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at: «Regjeringen mener FNs kvoteflyktningsystem er den tryggeste og mest rettferdige ordningen for å sikre mottak av mennesker med behov for beskyttelse».

Men sidan dette vart skrive har ikkje regjeringa vist noko ønske om å gi det vernet som denne ordninga gir. På eittårsdagen til krigen i Gaza, som har kravd minst 41 870 liv og såra 97 166, legg regjeringa fram eit budsjett som berre siktar til å gi livsnødvendig vern til 200 menneske, framfor dei 5000 FN ønskjer at me skal ta inn. Viser dette solidaritet med verda i ei uroleg tid?

Våpensal

Gjennom det siste året har det vorte klart at Noreg vurderer våpen som det beste humanitære fredsmiddelet. Sjølv om me tener rekordmykje på våpensal til land som fører brutale krigar og set til side grunnleggjande menneskerettar, bruker me mindre pengar på å verna dei som blir påverka av vårt eige våpensal.

Barn og unge på flukt er blant dei mest sårbare i verda, og flyktar som regel åleine. På ferda gjennom Europa risikerer dei livet for å komma til tryggleik, og vald og overgrep ventar rundt alle hjørne. Når kvoteflyktningordninga blir truga og den trygge vegen til Europa blir stengt, vil fleire leggja ut på dei livsfarlege rutene gjennom Europa.

Kvoteflyktningsordninga har som mål å gi dei mest sårbare vern, men også å skapa ein fordelingspolitikk som rammar land meir rettferdig. Det er derfor skammeleg at Noreg ser seg for god til å bidra til at land som ber brorparten av byrda, får hjelp. Libanon har sidan utbrotet av borgarkrigen i Syria teke imot massive mengder syriske flyktningar og har i dag om lag 1,5 millionar syriske flyktningar. Det betyr at 1 av 4 menneske i Libanon er flyktningar. Libanon er allereie under stort økonomisk og politisk press når dei no i tillegg fell offer for Israels brutale krigføring.

Ny retning

Når regjeringa skal bruka rekordmykje pengar atter ein gong, gir det eit unikt høve til å bidra til å skapa ei tryggare verd.

Me kunne redda bistandsprosenten og hjelpt menneske på flukt. Det er synd for Noreg som fredsnasjon, og trist for målet om ei tryggare verd. Det siste året har altfor mange barn blitt drept i krig og flyktningtala var ved utgangen av 2023 det høgaste talet som nokon gong er registrert.

Me treng eit Noreg og ei regjering som lever opp til «fredsnasjonstempelet». Me treng ei regjering som legg fram eit budsjett som lever opp til sitt eige hovudmål om å stå i «solidaritet med verda i ei uroleg tid»