Unge ser ned på yrkesfag

Nesten tre av fire unge under 30 år meiner bygg- og anleggsfag har låg status, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga som Norstat har gjennomført for Backegruppen, svarar tre av fire at bygg- og anleggsfagutdanninga har låg status. Tre av fem seier det same om elektrofag og helsefag, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår

Ser opp til studiespesialisering
Til samanlikning svarar 80 prosent at studiespesialiserande utdanning har høg status.

– Vi må bli mykje flinkare til å synleggjere moglegheitene næringa gir, og bidra til å vidareformidle alle dei mange gode historiene som byggjenæringa er full av. Byggjenæringa spelar blant anna ei nøkkelrolle for å løyse utfordringar knytt til befolkningsvekst, klimaendringar og behovet for den kraftige opprustinga av infrastrukturen rundt om i heile landet, seier Jon Sandnes, administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening.

LES OGSÅ: Færre søkjer yrkesfag på vidaregåande

Søkjarfall
For bygg- og anleggsfag har søkjartala falle med 40 prosent sidan 2007. To av tre unge under 30 år meiner bruk av billeg utanlandsk arbeidskraft er ein viktig årsak. Meir enn kvar tredje meiner mykje svart arbeid i bransjen er utslagsgjevande. (©NPK)