Opnar nynorsk skodespelarutdanning i Førde

Nynorsk-klynga i Førde blir fullført med Nynorsk scenespråksenter, ei etterutdanning for norske skodespelarar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Frå før finst Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter i Nynorskhuset i Førde i Sunnfjord kommune. No fullfører Teater Vestland trekløveret med Nynorsk scenespråksenter.

– Endeleg ser vi resultatet av fleire år med arbeid. Etableringa har fått støtte både frå det offentlege og det private næringslivet, som ser verdien av å styrkje nynorsken. Det er ei stor glede og eit døme på synergieffekten av å ha ei nynorsklynge som Nynorskhuset midt i Førde sentrum, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Nasjonalt senter

Nynorsk scenespråksenter er eit nasjonalt senter for nynorsk på scena. Senteret kjem til å tilby etterutdanning til skodespelarar frå heile landet, som kan komme hit og byggje og styrkje kompetansen sin i nynorsk og overgang til nynorsknære dialektar, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Det første kullet på tre skodespelarar startar 10. februar 2025. Opplæringa har aldri tidlegare vore tilgjengeleg i Noreg.

– Visjonen til Nynorsk scenespråksenter er å fremje bruken av truverdig og levande nynorsk på norske scener. Det svarar på eit stort behov i bransjen. Undervising i nynorsk og overgang til nynorsknære dialektar er lite prioritert eller fråverande i utdanningane som skodespelarar tek i dag. Med senteret på plass styrkjer vi både kulturarven og språkbruken i eit mangfaldig samfunn, seier dagleg leiar for Nynorsk scenespråksenter, Terje Lyngstad.

Ina Svenningsdal og Mimmi Tamba spelar Anna og Elsa i musikalen Frost.