Instagram innfører eigen kontotype for tenåringar
Brukarar under 18 år på biletplattforma Instagram skal flyttast over til meir lukka kontoar med strengare innhaldsgrenser.
Frå og med tysdag får alle brukarar under 18 i USA, Storbritannia, Canada og Australia kontoar som i utgangspunktet er private – altså der innhaldet berre kan sjåast av personar som er godkjende som følgjarar. I tillegg får «tenåringskontoane» avgrensinga tilgang til meldingstenesta og dessutan til «sensitivt» innhald – mellom anna valdelege videoar og innhald som fremjar plastisk kirurgi.
Tenåringsbrukarar skal også få varsel om dei bruker plattforma i meir enn 60 minutt av gongen, og på nattetid blir varslinga skrudd av og meldingar får automatiske svar. Brukarar som er 16 og 17 år gamle får høve til å skru av desse innstillingane, medan dei under 16 må få foreldreløyve til å gjere det.
Eksisterande brukarar under 18 år i USA, Storbritannia, Canada og Australia blir flytta over til den nye kontotypen dei kommande to månadene. Dei nye innstillingane skal innførast i EU seinare i år.
Instagram-eigaren Meta vedgår at tenåringar kan lyge om alderen, og seier dei utviklar ny teknologi som kan søkje etter kontoar der tenåringar lèt som dei er vaksne.